100 gir hundre
100 gir hundre
Kunne du tenke deg å vera med å sikre eit svært viktig og bra lokalt arbeid?
Visjonen for den diakonale tenesta i Den Norske Kyrkja er:
Guds kjærleik til alle menneske og alt det 
skapte, verkeleggjort gjennom liv og teneste.

Dette er ein visjon som kyrkja på Bømlo ynskjer å stille seg bak og jobba mot, og samanlikna med mange andre kommunar er Bømlo svært heldig som har ein eigen diakon tilsett i kyrkja. Stillinga som diakon/diakonmedarbeidar i Bømlo er ei fulltidsstilling som er basert på gjevarteneste og innsamla midlar. Det er ei stabil gruppe privatpersonar som årleg gir 60 000,- til denne stillinga. Saman med innsamla kyrkjeoffer og gåver frå næringslivet, er det likevel vanskeleg å oppretthalda den svært viktige stillinga som diakon har. 

Nokre av tinga diakonen har jobba med i 2013 er blant anna:
- Besøksteneste til sjuke og gamle er utvida.
- Regelmessige samlingspunkt på Ungdomsheimen for kristne innvandrarar. Andre tiltak for flyktningar og asylsøkjarar er gjennomført.
- Treff (gudsteneste og mat) for psykisk utviklingshemma i Bremnes kyrkje seks gonger i året.
- Rusfritt alternativ for ungdom 16. mai
- I samarbeid med Haraldsplass samtalesenter i Bergen er det gjennomført eit samlivskurs med god påmelding frå Bømlo.
- Kvar torsdag klokka 12.30 er diakonen å treffa på Sams senter på Svortland.
- I tillegg treff ho ulike menneske med ulike behov gjennom matgruppe, turgruppe, sorggruppe og liknande.

Med kampanjen "100 gir hundre" ynskjer ein å sikre dette viktige arbeidet, ved å få fleire til å binde seg til å vera fast gjevar til eit svært viktig arbeid.

Ta kontakt med Arne Salmelid på telefon 53 42 32 92 eller arne.salmelid@bomlo.kommune.no dersom du har spørsmål, eller dersom du kunne tenkjer deg å vera med styrke det økonomiske fundamentet for diakonistilling i kyrkjene på Bømlo.

Konto for private gåver til Gjervartenesta er 3495.21.28851

 
  Kommentarer


23. august 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando