Vellukka Tru:D 8 i Bremnes Kyrkje
 


Vellukka Tru:D 8 i Bremnes Kyrkje
Vellukka Tru:D 8 i Bremnes Kyrkje

Kjekt med legobygging og trolldeig, tur og teikning på aktivitetsdag i kyrkja. 

Måndag 25. januar var det planleggingsdag for skulane på Bømlo. Kyrkja inviterte denne dagen alle åtteåringane i Bremnes sokn til Aktivitetsdag. 35 barn frå 08-kullet melde seg på tiltaket, og dei strøymde inn i kyrkja frå kl. 8 om morgonen. Med stor iver vart alle registrerte og festa namnelapp på genseren sin. Fleire vaksne, både foreldre og besteforeldre hadde meldt si interesse om å vera med som gode hjelparar gjennom dagen. Dette var til stor hjelp! Tusen takk!

Først på dagen var det ulike stasjonar barna kunna velja mellom: spela brettspel ved bord framme i kyrkja, teikna eller leika med lego i ein krok bak i kyrkja. Barna fann seg fort til rette med ein aktivitet dei lika. 

Ca kl. 0940 vart alle barna samla framme i kyrkja til samling om Guds skaparverk. Det vart vist film på storskjerm om temaet, og alle fekk læra bibelverset: «Gud såg på alt det han hadde gjort, og sjå, det var svært godt!». Ved hjelp av ulike teikn lærte alle dette verset.

Så var det tid for ulike stasjonar der me skulle jobbe meir med Guds skaparverk som tema. Barna vart delt inn i fire grupper; raud, blå, grøn og gul gruppe. Alle var i tur og orden innom stasjonar med teikning, legobygging, song og trolldeig. I samlinga før lærte alle at Gud kunne skapa av ingenting. No var det tid for at barna skulle få vera med å laga noko. Dei fann fort ut at me menneske ikkje kan lage noko ut av ingenting, men treng ulike materiale og hjelpemiddel for å kunne lage noko. 

Klokka 1130 var det tid for pølse i brød. Alle var svoltne etter god jobbing heile føremiddagen. 

Etter å ha vore inne i kyrkja heile føremiddagen, var alle saman klare for tur med innlagde postar. Gruppene samla seg og gjekk på tur langs Storavatnet. Det var spennande å leite etter postane, og dei ulike oppgåvene vart løyste med stor iver. Her var det mange spørsmål om kva Gud har skapt i naturen, og kva me menneske har laga. Vel tilbake ved kyrkja venta det varme og gode lappekaker på oss. Det var jammen godt med litt mat etter den lange turen. Litt etter litt kom foreldra og henta sine åtteåringar, og Aktivitetsdagen Tru:D8 var over for denne gong.  

 

 

 

 

 

  Kommentarer


10. desember 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando