Pilegrimsvandring til Santiago de Compostela
Pilegrimsvandring  til Santiago de Compostela

8. - 16. oktober var 16 deltakarar med på pilgrimstur frå Sarria til Santiago de Compostela i Spania. Turen var arrangert for kyrkjelydane på Bømlo.

«Ut på tur – aldri sur» - kan stå som varemerke for dei 16 deltakarane i alder  41 – 72 år som deltok i vandringa. Pilegrimsturen  vart arrangert for kyrkjelydane på Bømlo. Reiseleiarar var diakoniarbeidar Sissel Johanne Fylkesnes Våge og sokneprest Roald Drønen.

Turen gjekk frå Sarria til Santiago de Compostela i Spania ei av fleire pilegrimsruter kor målet er den store katedralen der. 

Det var lagt opp til overnattingar på hotell og bagasjen vart frakta med bil frå eit hotell til neste hotell etterkvart som me gjekk på fram. Mat og drikke kjøpte kvar enkelt undervegs ved dei mange spisestadane langs ruta. Alle deltakarane gjennomførte etappane i god stil og let seg ikkje stoppa av gnagsåra.

Turen eignar seg for gjentaking  og  var absolutt verdt strevet. Den kan gjennomførast av folk med vanlege gode knær og hofter. 

Reisedag til Sarria  08.10.16

Frå venstre: Sissel Johanne Fylkesnes Våge, Aksel Røksund, Hans Magnus Drønen, Ingolf Grønstøl, Sigve Madsen, Ingebjørg Dale Madsen, Helen Leversund, Roald Drønen, Jan Leversund, Kari Rydland, Inger Karin Pedersen, Solveig Gunn Tveita, Torleif Pedersen, Torunn Tveita, Randi Hillesøy Kallevåg, Paul Kallevåg.

 

1. dag   09.10.16  Sarria - Portomarin , 26 Km, 7,5 timers gange med pausar.   

 

2. dag  10.10.16   Portomarin - Palas de Rei ,  27 km – Vel 9 timars gange med pausar. 

 

3.dag   11.10.16   Palas de Rei - Melide,  16,4 km, 4 timar  45  min. gange med pausar.  

 

4. dag 12.10.16    Melide - Arzua  , 13,6 km  4 timar 48 min gange med  pausar, 

 

5. dag 13.10.16    Arzua - O Pedrouzo , 23,4 km ,  7 timar 30 minutters gange med  pausar 

 

6. dag 14.10.16    O Pedrouzo - Santiago de Compostella, 25,8 km , 9 timer 20 min gange med pausar.

 

15.10.16  Siste dag i Madrid:   Flamencodans.  

16.10.16  Heimreis Bergen – Rubbestadneset

Ein smilande og nøgd gjeng på veg heim etter ei flott veke. Takk til reiseleiarane for ein godt førebudd tur der alt klaffa og fungerte.
 

Skrive av Jan Leversund

 

 

 

 

 

 

  Kommentarer


29. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando