Salmekveld Bremnes kyrkje 19. februar kl 19.00
Salmekveld Bremnes kyrkje 19. februar kl 19.00

Tema for kvelden er nynorsk salmeomsetjing.

Det er nynorsk salmeomsetjing som er temaet for salmekvelden denne søndagen. Mannen som har flest omsetjingar til nynorsk i salmeboka vår, Arve Brunvoll, fyller 80 år i 2017. Fødselsåret hans fell saman med dødsåret til mannen som har nest flest omsetjingar, Bernt Støylen. Dermed  ligg det til rette for å konsentrere seg om desse to plogspissane innanfor nynorsk salmesong. Deira verksemd som omsetjarar spenner over eit tidsrom på over 100 år, og kjeldene deira kan førast heilt attende til tidleg mellomalder. Med sine rundt 80 omsetjingar, har dei tilført kyrkjesongen vår ein økumenisk rikdom i ein meisterleg nynorsk språkdrakt.

Jostein Molde vil gje ei verbal innføring i emnet og introdusere eit lite utval av salmar som skal syngjast. Ei gruppe frå Bremnes kantori vil leie fellessongen og framføre nokre av salmane med korsats. Både heilt ukjende og svært kjende salmar står på programmet, alle frå salmeboka vår.

  Kommentarer


29. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando