Årsmelding for Estlandskomiteen 2016
Årsmelding for Estlandskomiteen 2016

Bilete frå sommarleiren 2016

 

I komiteen for 2016 sat Håkon Staveland(leiar, Bremnes), Anne Lie Steinsbø (Bremnes), Anne Grete Espevik (Lykling), Gunn Stensen (Bømlo), Olga Kårbø (Bømlo), Gunnvald Bjotveit (Moster). Representant for prestane: Aksel Lygre. Estlandskomiteen har i 2016 hatt 5 møte. I møta har me drøfta samarbeidet med Sangaste og med NMS, lagt konkrete planar for reiser og handsama økonomi. Nokre midlar er overførte til støtte for konkrete søknadar frå soknerådet i Sangaste. Flest pengar er brukt til utgifter til planlegging og gjennomføring av sommarleir.

Sommarleir i Estland for norske og estiske ungdomar var frå 2. august til 7. august. Planleggingstur i midten av mars ved Aksel Lygre. Leiren er framleis naudsynt som vitalisering av ungdomsarbeidet, og har også i 2016 fått særs gode tilbakemeldingar. Med oss hadde me 3 ungdomar frå Ungdoms-ALPHA på Bømlo: Gunnar Rolfsnes, Theodor Hellesøy og Rebekka Lillelenes. Vaksenleiarar var Maren Ørjansen og Aksel Lygre. Ungdomar vart betre kjent med Jesus og styrka i trua si. Norske ungdomar representerer kyrkjene her på Bømlo på ein flott måte. Me er dei stor takk skuldige.

Ungdomsarbeidet i Sangaste er framleis ikkje fullt ut organisert og med faste møtepunkt. I Sangaste og områda rundt er det ei utfordring at ungdomane etter vidaregåande forlét heimtraktene for å studera i Tartu eller Tallinn. NMS fekk berre ein eittåring dette skuleåret, og avstanden mellom Tallinn og Sangaste gjer det krevjande å oppretthalda kontakt ofte. Me må i starten av 2017 ha samtalar med NMS om korleis samarbeidet bør sjå ut framover. Trass alt har ungdomsarbeidet likevel vore med å vitalisera kyrkjelyden i Sangaste. Å finna gode rammer rundt ungdomsarbeidet vidare og få dette til å fungera er difor avgjerande. I eit møte mellom soknerådet i Sangaste og Anne Lie Steinsbø og Aksel Lygre frå estlandskomitéen, vart me samde om at eit ektepar lokalt skal vera representantane frå soknerådet inn i ungdomsarbeidet. Dette er særs viktig! Ein gong for året vil også representantar frå Sangaste vitja oss, og me vil også rapportera noko meir til kvarandre.

Takk til kyrkjelydane på Bømlo, som har gitt oss kollektar og som ber for og informerer om arbeidet. Takk til private gjevarar og bedrifter som har støtta oss økonomisk. Gjennom alt dette har me kunna sponsa ungdomane sine reiser, slik at både planlegging, leir og den gode kontakten mellom norske og estiske ungdomar har vore mogleg. Komiteen vil også takka ungdomane – både i år og tidlegare år – som har gitt av tid, krefter og eigne pengar for å kunna ta del i arbeidet.

Rekneskap for 2016 er del av fellesrådet sin rekneskap, og med rekneskapen fylgjer oppsett for budsjett for 2017. Budsjettet er å lesa slik at eksempelvis 4,5 tyder kr. 4500;-. Etter ofringane julafta 2016 i kyrkjelydane på Bømlo har me ved årsskiftet kr. 76 675,41 på konto.

Årsmeldinga er vedteken i Estlandskomiteen januar 2017.

For Estlandskomiteen

 

      Håkon Staveland,                                             Aksel Lygre,

         Leiar                                                sokneprest/komitémedlem

Rekneskap og budsjett

 

  Kommentarer


23. august 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando