Konsert med Solveig Leithaug
Konsert med Solveig Leithaug

Solveig Leithaug i Bremnes kyrkje. Bømlo gospel vert med som gjester på konserten. 

10. mars kl 2000 inviterar indremisjonane Gilje, Laurhammer, Hiskjo og Meling til konsert med Solveig Leithaug i Bremnes kyrkje. Bømlo Gospel er gjester og vil syngja eigne songar og nokre saman med Solveig.

Solveig Leithaug vil vera kjent for mange. Sidan1985 har det blitt elleve norske og seks engelske album, og musikalske oppdrag i over 20 land. Ho jobbar for tida i studio i Nashville, Tennessee, for å spela inn et nytt solo-prosjekt. Ho har eit stjernelag av Nashville sine beste musikarar og produsentar, med Steve Hindalong (SixpenceNone The Richer) i spissen, og fleire av songene har ho skrive i fellesskap med Grammy-nominerte komponistar.

Sagt om Solveig Leithaug:

“Hun lurer deg hver gang. Når hun begynner å synge er det så enkelt og

ujålete at du tenker: «javel, hva er det som er så spesielt med dette?» Men litt etter litt blir du bare sugd inn av hennes enorme utstråling.»

Legendariske sangkomponister Bill og Glora Gaither

Dette vert ei flott oppleving!

Velkommen!

Sjå meir om konserten her: https://www.facebook.com/events/1267354673302539/

  Kommentarer


16. oktober 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando