Årsmøte Moster sokn
Årsmøte Moster sokn

Årsmøte for Moster sokn.

Torsdag 9. mars kl. 19.00 vert det årsmøte i Moster kyrkje. 

Årsmelding 2016 Moster sokneråd 

Samansetjing av soknerådet 2016

Leiar:               Elin Taranger

Nestleiar:        Gunnvald Bjotveit

Kasserar:         Inger Marie Gjerde

Skrivar:            Per Harald Gjerde

Medlem:         Mona Ingvaldsen Hodne

                         Rune Sivertsen

Sokneprest:    Aksel Lygre

Vararepresentantar:

Sigurd Totland, Magnhild Nøstbakken, Berit Landmark, Bente Røyrvik,  Roy Steve Fimland

 

Saker i soknerådet:

Soknerådet har hatt 9 møte og handsama i alt 87 saker. Soknerådsmøta vert haldne i kyrkja. Det er blitt arbeidd spesielt med desse sakene  og oppgåvene i 2016:

- Gjennomført fellesmøte for sokneråd og tilsette i soknet

- Planlegging og gjennomføring av  3 bibeltimar  hausten 2016

- Planlegging av oppussing av preikestol og tekstilar til lesepult og  preikestol

- Planlegging og tillaging av nattverdsett til bruk utanom kyrkjebygget

- Arbeidd for å auka gjevartenesta til diakoniarbeidarstillinga

- Arbeidd for å auka deltakinga og oppslutnad om gudstenestene

- Gjennomføring av konfirmantfest i samarbeid med Salem/Håvik    bedehus

 

Frivillige medarbeidarar

I Moster kyrkje er det omlag 125 frivillige medarbeidarar med viktige funksjonar og oppgåver – kyrkjevertar, nattverdsmedhjelparar, klokkarar, personar med ansvar for lyd- og bilete, medlemer i ulike nemnder og utval/komitear, vaksenleiarar i trusopplæringstiltak osb.

Kyrkjelyd og sokneråd er svært takksame ovafor alle desse gode og trufaste medarbeidarane.

 

Økonomi

I takkoffer er det samla inn kr 29 121,- til generelt kyrkjelydsarbeid. I tillegg er det gjeve kr 17 563,- til diakoniarbeidarstillinga og kr 9 167,- til kyrkjemusikalsk arbeid. I alt er det såleis gjeve kr 55 851,- til arbeid i Moster kyrkjelyd.  Til ulike eksterne organisasjonar er det gjeve kr 144 294,- i takkoffer. Fasteaksjonen vart gjennomført med involvering av konfirmantar og foreldre. Kr 23 818 vart sendt til Kirkens Nødhjelp.

I november 2016 vart det sendt ut giroar til alle husstandar i Moster sokn.  Det kom inn kr 25 500, som skal gå til mellom anna fornying av preikestoltopp, preikestol-og lesepultklede i liturgiske fargar, materiell og utstyr til ulike trusopplæringsprosjekt osv.

 

Trusopplæring og barne- og ungdomsarbeid

Trusopplæringsutvalet jobbar utfrå vedteken trusopplæringsplan vedtatt i 2014.

Medlemer i utvalet for perioden 2016– 2019: Bjørg Borgemyr, Nina H. Notland og Rune Sivertsen. Kyrkjelydspedagog Sissel J. Våge og sokneprest Aksel Lygre er og med på utvalsmøta.

 

15.09.2016 vart det nye utvalet konstituert og har arbeidd spesielt med desse

sakene:

Tru:D 4    Utdeling av 4-årsbok
Tru:D 8    Aktivitetsdag
Tru:D 10  Jubileum for dåp
Tru:D 11   LysVaken
Tru:D 7    Filmkveld 17. Januar

Babysong, Ung Messe 2 gonger i året og Aktiv (ungdomsarbeid) må og nemnast. Desse aktivitetane er eit samarbeid med Salem.

Til våren vert det arbeidd særskilt med Tru:D 9 Tårnagenthelg 1. og 2. april.

For at tiltaka innan trusopplæring skal bli noko meir enn hendingar, er det viktig med samarbeid mellom kyrkja og bedehusa. Dette skjer gjennom Babysong, opplysning om bedehusa sine aktiviteter i kyrkja, under trusopplæringstiltaka og ved å minna om myldredag og søndagsskule i dåpsamtalar.

Konfirmantane har sine miljøtiltak gjennom Aktiv.

Det er behov for fleire frivillige medarbeidarar på dei ulike tiltaka.

 

Gudstenestelivet

Forkynninga av Guds ord er og skal vera ei hovudsak i kyrkja.

Målsetjinga er å gjera samlingane inkluderande for både born og vaksne slik at kyrkjelyden veks.

Barnekroken er framleis eit vellukka tiltak, men kan ikkje stå åleine.

2 gudstenester både til konfirmasjon og på julafta fører til at fleire får delta på desse merkedagane.

Og i 2016 har det vore gudstenestesamlingar i Moster Amfi. Dessverre gjer feilteljing noko utslag på statistikken. I vår og i haust hadde me ungdomsgudsteneste i samarbeid med ungdomsklubben AKTIV. Dette har vorte til ein halvårleg tradisjon. Fleire gudstenester har bore preg av å vera musikalsk annleis, noko som vert godt motteke.

Arbeidet med å få opp gudstenestedeltakinga må framleis vera viktig.

 

Faktaopplysningar:

(Tabelloppsett er utdrag av ”Årsstatistikk  for Den norske kyrkja!)

 

2016

2015

Gudstenester på søndagar/heilagdagar

29

31

Deltakarar på gudstenester søndagar/heilagdagar

4179

4400

Gj.snitt deltakarar på gudstenester sønd./heilagdagar

149

142

Andre gudstenester

33

41

Døypte

20

20

Konfirmerte

27

28

Vigsel

4

11

Gravferder

14

16

Innmeldingar/utmeldingar

0/9

7/5

 

Kyrkjemusikalsk arbeid

Utvalsmedlemer i perioden: Inger Marie Gjerde, Olav Kvarven og Øystein Skullerud

Det kyrkjemusikalske arbeidet går fyrst og fremst føre seg på gudstenestene og i dei kyrkjelege handlingane.

Viktig å nemna at kyrkjekoret deltok på Skjærtorsdag, 1. påskedag, jazz-gudstenesta på hausten, helgemessa i november og høgmessa 1. Juledag. Det har vore ekstra musikk-krefter på konfirmasjonar, 17. mai i Moster Amfi, gudstenesta i Moster Amfi i mai, jazz-gudsteneste i august og 1. juledag.

Ut over dette har ein i 2016 arrangert:

-  Aftansong og musikkmeditasjon i Moster kyrkje 5 gonger i år

-  Konsert med lærarar frå Bømlo kulturskule i juni

-  Songkveldar vår og haust (Lene F. Nesse songsolist og keltisk songkveld)

-  Salmekveld i Moster Amfi med Eyvind Skeie i august

-  Den tradisjonelle julekonserten i  desember

Medlemmer av kyrkjekoret deltek på dei fleste gudstenestene som forsongarar. Koret har hatt 23 ordinære øvingar i 2016. Det har nå 17 medlemmer. Moster kyrkjekor samarbeider regelmessig med Bømlo kyrkjekor, høvesvis med felles øving i Lykling kyrkje. Koret var og på Moster alderspensjonat med song og andakt.

 

Diakoniarbeid

Diakoninemda for Moster sokn 2016-2019.

Magnhild Nøstbakken, Bente Røyrvik, Berit Laila Ersland, Anne Britt Grindheim,

Bente Sissel Johannessen. I tillegg er Diakonimedarbeidar Sissel F. Våge med på møta

Nemnda kom seint i gang og har hatt 3 styremøter.

 

I 2016 har nemda arbeida med :

- Revidert den nye diakoniplan for åra 2016 - 2019.

- Delt ut blomar til personer som blei 80 og 90 år.

- Gått med blom til pårørande som har mista nær familie dette året.

- Hatt arrangement for asylsøkjarar 2 ganger pr måned på Skogbu inntil 1. des  då Bømlo    Mottak vart lagt ned.    

- Vore med på samlingar for asylsøkjarar,  på Sagvåg bedehus.

- Planlagt og har hatt eit treff på "Drøsen", servicesenteret på Moster. Formålet er å ha ein    treffstad for personer som føler seg åleine og som ynskjer eit nettverk.

- Planlagt 2 treff til på " Drøsen" våren 2017.  Datoar er 26/1 og 23/3. 

- Planlegg fellestur for eldre våren 2017.

- Besøkstenesta: Teiglandshagen bufellesskap ønskjer besøksven til bebuarane. To stk. i  diakoninemnda har tatt dette på seg.

 

Samarbeid med bedehusa i Moster-Håvik og dei andre kyrkjesokna

I god tradisjon har samordningsmøta med bedehusa i soknet halde fram. Halvårlege møter med samtale og informasjon om arrangement for å unngå kollisjonar er sjølvsagt viktig, men det er og ynskjeleg å få til konkrete samarbeidsprosjekt. Elles samarbeider ein godt om konfirmantfest og ungdomsarbeid. Det var eit ynskje om å starta opp eit Alphakurs igjen hausten 2017/våren 2018, men etter grundige samtalar kom me fram til at me heller prøver å nytta ressursane på andre måtar.

Myldredag og Aktiv på Salem og strikkekafe og barnelag i Håvik er lågterskeltilbud som er viktige å oppretthalde og som treng både fleire frivillige og besøkande. Relasjonsbygging er ein viktig faktor når me vil styrkja arbeidet vårt i soknet mellom anna gjennom bibelgrupper.

I høve til dei andre sokna held me og fram som før med felles gudstenester, diakonitiltak og arbeid i felles nemnder og utval.  Mellom anna er 17. mai-gudstenesta eit velfungerande samarbeidsprosjekt med Sion

 

Estlandskomieteen og samarbeidet med venskapskyrkjelyden

Me viser til eige rekneskap og budsjett for dette arbeidet. Vår representant i Estlandskomiteen er Gunnvald Bjotveit. Aksel Lygre er fellesrådets representant for prestane i Bømlo.

Ungdomsarbeidet i Sangaste er framleis under oppbygging. Utfordringa er at ungdomane flytter heimefrå etter vidaregåande og at arbeidet derfor ikkje får den kontinuiteten som trengs for å vidareføra det som allereie er bygd opp. NMS har i 2016 hatt ein eittåring og store avstandar gjer arbeidet krevjande. Det er viktig å finna god rammer rundt ungdomsarbeidet vidare. Sommarleiren i august var vellukka og ein ser at ein slik leir er viktig å vidareføra. Sjå elles årsmeldinga frå Estlandskomiteen.

 

Oppsummering av innsatsområde og målsettingar 2016

Kort oppsummering og vurdering av arbeid med innsatsområde og målsetjing i 2016

Innsatsområde/ målsetting for 2016

Status pr 31.12.16

Opprusting dåpssakrestiet.

Undersøkjing gjennomført. Saka vert utsett.

Diakoniarbeidet i soknet

Drøsen og besøkstenesta er sett i gong.

Auka deltaking og frammøte ved varierte gudstenester

Musikalsk variasjon og ungdomsgudsteneste gjennomført, men deltaking og frammøte kan aukast monaleg

Iverksetja nye trusopplæringstiltak ut frå vedteken plan

10-årsjubileum for dåpen, filmkveld og aktivitetsdag

Kvalitetssikra lyd- og biletfunksjonen i kyrkja

Det er gjennomført kontroll  og kalibrering av mixepult og  reperasjon av ledningar. Oppdatering av Easy Worship til ny versjon.

Arbeida for  overføring av lyd/bilde til aldersinstitusjonane kjem på plass

Saka er ikkje løyst. Sjå 2017

 

 

Innsatsområde og målsettingar  2017

Moster sokneråd meiner at fylgjande innsatsområde og målsettingar må prioriterast i 2017

- Opprusting dåpsakrestiet – me utset denne saka til me får  avklart kva som kan gjerast med vasken.

- Opprusting av preikekestol og tekstilar i liturgiske fargar til preikestol og lesepult

- Diakoniarbeid i soknet – finna konkrete grep for å nå ungdom som fell utanfor,  rusmisbrukarar og einsame

- Auka deltaking, særleg frå ungdom, og frammøte ved varierte gudstenester  - t.d  tekstlesarar , kyrkjevertar

- Kvalitetssikra lyd- og biletfunksjonen i kyrkja – det trengs fleire medarbeidarar. Det trengs  fleire mikrofonar til ulike arrangement.

- Overføring av lyd/bilde til aldersinstitusjonane – samarbeid med andre aktørar for å få  dette på plass

- Iverksetja nye trusopplæringstiltak ut frå vedteken plan

 

Årsmeldinga vart vedteken i Moster sokneråd 6. februar 2017

 

Elin Taranger                   Gunnvald Bjotveit                         Inger Marie Gjerde

leiar                                      nestleiar                                             kasserar

 

Mona I Hodne                  Rune Sivertsen                                Aksel Lygre      

medlem                              medlem                                             sokneprest

 

Sigurd Totland                

varamedlem                   

Årsrekneskap

 

  Kommentarer


16. oktober 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando