Tru:D8 Aktivitetsdag i Bremnes kyrkje
Tru:D8 Aktivitetsdag i Bremnes kyrkje

Kjekke dagar saman med mange åtteåringar i kyrkja

Måndag 23. januar var det planleggingsdag for Gilje, Meling og Rubbestadneset skule. Kyrkja inviterte denne dagen alle åtteåringane frå desse skulane til Aktivitetsdag i Bremnes kyrkje. Sidan Svortland skule hadde flytta sin planleggingsdag vart åtteåringane derifrå inviterte til å koma på aktivitetsdag fredag 17. februar. Til saman 32 barn frå 08-kullet melde seg på til desse dagane, og dei strøymde inn i kyrkja frå kl. 8 om morgonen. Med stor iver fekk alle registrera seg og festa namnelapp på genseren sin.

Først på dagen kunne barna velja å leika med treklossar, spela brettspel, eller teikna. Særleg klossane var veldig populære, og det vart bygd det eine byggverket flottare enn det andre.

Når alle var på plass samla me oss framme i kyrkja til samling om Guds skaparverk, og me snakka blant anna om korleis Gud kan skapa av ingenting. Me fekk også verta meir kjende med lysgloben me har i kyrkja, og fekk læra korleis me brukar den. Samlinga blei avslutta ved at me song Eg faldar mine hender små, samtidig som alle fekk gå fram til globen og tenna eit lys.

Så var det tid for ulike stasjonar der me skulle jobbe meir med Guds skaparverk som tema.  Alle barna var i tur og orden innom stasjonar med teikning, klossebygging, fargelegging og trolldeig/kitt. No var det tid for at barna skulle få vera med å laga noko. Dei fann fort ut at me menneske ikkje kan lage noko ut av ingenting, men treng ulike materiale og hjelpemiddel for å kunne lage noko. 

Når det nærma seg tid for lunsj, kledde alle på seg gode varme klede, før me gjekk ut og grilla pølser. Det var godt med litt mat etter mange aktivitetar inne i kyrkja. Etter matøkta var me klare for tur langs Storavatnet. På turen var det mange postar me skulle finna, og det var spennande å leite etter postane. Barna løyste dei ulike oppgåvene med stor iver. Her var det mange spørsmål om kva Gud har skapt i naturen, og kva me menneske har laga. Vel tilbake ved kyrkja fann me fram steiketakka, og etter kvart kunne me kosa oss med nysteikte lappar på kyrkjetrappa.

  

  

  

  

  Kommentarer


29. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando