Babysong på Salem Moster
Babysong på Salem Moster

Babysong på besøk på Teiglandshagen

Anna kvar måndag føremiddag kjem den eine  barnevogna etter den andre trillande til Salem Moster. Då er det tid for Babysong. Me har eit fast program, sjølve songstunda begynner kl 11.00 og varer til ca 11.30 I etterkant er det tid for kaffi og drøs for foreldra, og dei små får liggja på golvet og leika og verta litt meir kjende med kvarandre :-)

Måndag 6. mars var det tid for Babysong att, men denne dagen var me inviterte til Teiglangshagen for å ha songstunda der. Det er alltid spennande å sjå kor mange babyar med foreldre som kjem på babysong, men kanskje ekstra spennande når me skal vera ein annan stad. Det var likevel ingen grunn til å uroa seg! Det vart snart fullt med vogner ved inngangen, og åtte babyar hadde med seg kvar si mamma, og kom og var med på babysongen saman med bebuarar på Teiglandshagen :-)  Me vart veldig godt mottekne når me kom, og det var tydeleg at både tilsette og bebuarar syns det var stas med alle dei små som kom på besøk. Me hadde songstunda i stova, veldig kjekt når mange var med og song, og kjekt å sjå at babyane verkeleg kunne skapa smil og glede blant alle som var med oss på songstunda :-) Me gler oss til å koma tilbake til Teiglandshagen ein gong til hausten.

  Kommentarer


17. desember 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando