Konsert med Bremnes kantori "Skrifta åleine"
Konsert med Bremnes kantori "Skrifta åleine"

I Bremnes kyrkje søndag 19.mars kl.19.00

Bremnes kantori med «Skrifta åleine»

I Bremnes kyrkje søndag 19.mars kl.19.00

Søndag 19.mars vil Bremnes kantori  presentere eit konsertprogram inspirert av Luther-jubileet i 2017. «Skrifta åleine» var eit overordna og urokkeleg prinsipp for den store reformatoren. Det same er sett som overskrift for denne konserten. Med det ynskjer kantoriet å lyfte fram det reine bibelordet i form av tonesetjingar frå tidleg på 1600-talet fram til år 2000. Store tyske komponistar som Schütz og Mendelssohn nytta for det meste bibelordet i sine talrike sakrale komposisjonar. Dei er sjølvsagt representerte i programmet, det same er Brahms med ein gripande sats frå «Ein Deutsches Requiem». Den anglikanske kyrkja er også med, der særleg Davidssalmane har ein sterk posisjon innanfor ein rik tidebønstradisjon. For Luther stod nettopp Davidssalmane svært høgt i kurs; tidleg gav han seg i kast med å fortolke og omsetje dei. I vårt land er det først dei siste 50-60 åra den reine bibelteksten har fått nemneverdig rom i gudstenestesongen. Nystedt og Kverno er med i programmet som representantar for dette.

 

I denne konserten er det ikkje den nyskapande og evangeliserande reformatoriske salmesongen som står i fokus. Tre sentrale salmar av Luther er likevel med, i form av fellessong. «Vår Gud han er så fast ei borg» skal proklamerast til opning.

 

Øystein Skullerud har teke på seg den store oppgåva å akkompagnere dei fleste korsatsane på orgel og piano. Det vil seie at første delen av programmet blir framført frå galleriet og resten framanfrå.

Framandspråklege tekstar blir tilgjengelege i programheftet i vår nyaste nynorske bibelomsetjing.

  Kommentarer


29. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando