Innskriving av nye konfirmantar
Innskriving av nye konfirmantar

Velkommen til innskrivingsmøte for deg som ynskjer å vera konfirmant i kyrkja våren 2018. Møte er både for konfirmantar og foreldre.

Denne veka er det informasjons- og innskrivingsmøte for dei som ynskjer å vera konfirmant i kyrkja våren 2018. Me har sendt ut brev til medlemar og tilhøyrande av kyrkja som er fødde i 2003, og me gler oss til å treffa neste års konfirmantar. Me håpar alle det gjeld har motteke brev, men dersom nokon mot formodning ikkje har fått brevet så kan ein finna det på Tru:D - Innskriving

Mange lurar kanskje på kva Tru:D (uttalast Tru det!) står for. Dette er heile trusopplæringsløpet som kyrkja på Bømlo jobbar med at barn og unge skal vera ein del av. Tru:D-løpet startar allereie med dåpen og inneheld trusopplæringstiltak som blant anna Tårnagent, 4-årsbok og Lysvaken. Størst av alle trusopplæringstiltaka er likevel konfirmasjonen. 

Innskrivingsmøta er som følgjande:
- Bremnes kyrkje måndag 13.mars kl. 19.00
- Moster kyrkje      tysdag 14.mars kl. 18.30
- Lykling kyrkje      tysdag 14.mars kl. 19.00
- Bømlo kyrkje      onsdag 15.mars kl. 19.00

  Kommentarer


16. oktober 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando