Trygve Bjerkrheim i ord og tonar
Trygve Bjerkrheim i ord og tonar

Trygve Bjerkrheim i ord og tonar i Moster og Bømlo kyrkjer

Bømlo kyrkjekor og Moster kyrkjekor vil presentera den folkekjære songdiktaren Trygve Bjerkrheim i ord og tonar, først sundag 26 mars i Moster kyrkje, og deretter sundag 2 april i Bømlo kyrkje. Trygve Bjerkrheim har sett tydelege spor etter seg i song- og salmebøkene våre. Han hadde ein enorm produksjon på mellom 12000 og 15000 dikt. Nokre av desse har blitt mellom dei mest sungne i kyrkjer, bedehus og heimar rundt i landet. Den enkle, milde og lettfattelege stilen og fokuset hans på tryggleiken og gleda me har som Guds barn er det som oftast blir trekt fram i omtaler av dikta hans. Det er òg mest truleg dette som har gjort songane hans så populære.

I dette programmet vil det vere både omsetjingar og eigne dikt av Bjerkrheim, tonsett av eit rikt utval melodikomponistar. Hans livslange engasjement i misjonen gjorde at han fekk impulsar frå andre songtradisjonar. Noko av dette stoffet har han omsett slik at det har kome inn i vår songtradisjon. Det kan nok dukke opp ei og anna overrasking i løpet av kvelden, for Bjerkrheim viser seg å vere meir allsidig enn dei mest populære songane hans kan tyde på. Men det er dei kjende og kjære Bjerkrheim-songane som vil ha hovudvekta. Me har sett tittelen på ein av songane – Gud har ein plan med ditt liv – som overskrift for kvelden, sidan det godt kan stå som overskrift over heile Trygve Bjerkrheims liv.

Øystein Skullerud

  Kommentarer


23. august 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando