Informasjonsmøte om pilgrimstur til Spania
Informasjonsmøte om pilgrimstur til Spania

Torsdag 30. mars vert det informasjonsmøte i Lykling kyrkje om haustens pilgrimstur til Santiago de Compostela

Det vert informasjonsmøte i Lykling kyrkje torsdag 30. mars kl. 19.00 om pilegrimsvandring til Santiago de Compostela 7.-15. oktober 2017
 
Har du lyst å vera med på pilegrimstur til Santiago de Compostela 7.-15. oktober? Me skal gå 100 km frå Sarria til pilgrimsbyen i løpet av 6 dagar. Møt opp for meir info i Lykling kyrkje torsdag 30.mars kl.19.00.

Pilegrimsveien til Santiago de Compostela (spansk El Camino de Santiago, galisisk O Camiño de Santiago, fransk Chemin de St-Jacques) er ein samling vandreruter frå fleire land i Vest-Europa fram til katedralen i byen Santiago de Compostela i Nordvest-Spania. I katedralen ligg det, i følgje tradisjonen, relikviar etter apostelen Jakob.

Arrangør: Kyrkja på Bømlo v/ diakoniarbeidar Sissel J. Fylkesnes Våge og sokneprest Roald Drønen.

Bilete er av den fine gjengen som var med på pilgrimsturen frå Santiago de Compostela i fjor haust.

Her kan du sjå bilete og lese reiseskildring skrive av Jan Leversund etter turen i fjor. 

  Kommentarer


16. oktober 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando