Påskevandring for barnehagane og Tru:D7 Påskevandring
Påskevandring for barnehagane og Tru:D7 Påskevandring

Ca 140 barn møtte opp frå barnehagane i Bremnes sokn.

Onsdag og torsdag i veka før Palmesøndag laga me til påskevandring i Moster og Bremnes kyrkje for barnehagane. Då fekk barna vera med og oppleva påskeveka med Palmesøndag, Skjærtorsdag, Langfredag og til slutt Påskedag. Barna var deltakande som folkemengda i Jerusalem, og vifta med palmegreiner når Jesus reid inn i Jerusalem på ein eselfole. Dei fekk vera med og smaka på brød og vin(druer), såg når Jesus vaska læresveinane sine føter, dei vaka saman med Jesus i Getsemanehagen, og fekk høyra om korleis Jesus vart teken til fange, vart krossfest, døydde, og stod opp den tredje dagen. Kjekt å sjå kor alle var med sjølv om det kunne vera litt skummelt i blant.

Me i kyrkja er svært takksame til alle barnehagane som kom, veldig kjekt å ha alle på besøk.

Om kvelden torsdag 6. april var det 7-åringane i Bremnes sokn sin tur. Dei hadde fått invitasjon til Tru:D7 Påskevandring, og 15 kjekke 7-åringar møtte opp saman med foreldre, tanter, onklar eller besteforeldre, og fekk ta del i den same vandringa gjennom påskeveka. No vil me ynskja alle ei fin påskehøgtid framover :-)  

   

   

  Kommentarer


16. oktober 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando