Tru:D 12 På sporet av Jesus
Tru:D 12 På sporet av Jesus

Kaifas og Pilatus diskuterer kven Jesus eigentleg var.

Laurdag 22 april starta me opp eit nytt tiltak i trusopplæringa. Denne gongen var det 12 åringane som fekk vera med: På sporet av Jesus. Dei møtte forventingsfulle opp i kyrkja kl 12.00. Der starta me med å høyre korleis Pilatus og Kaifas var ueinige om kven Jesus var. Var han ein farleg mann? Kanskje var han Guds son?

Etter dette vart dei delt opp i grupper for å bli kjent med fleire personar som hadde møtt Jesus.

Den første dei møtte, var tollaren Sakkeus . Han hadde klatra opp i eit tre når Jesus kom forbi. Sakkeus  var ikkje så godt likt av folket, for han tok for mykje skatt frå dei. Då Jesus kom forbi og kalla han ved namn, og ville ha fest heime hos han, lova Sakkeus å gi tilbake alle pengane han skulda folket.

Vidare gjekk barna til Nasaret til synagogeforstandaren. Der fekk dei læra litt om kva ein gjorde i synagogen, og dei fekk i oppgåve å nummerera dei ti boda rett. Synagogeforstandaren fortalde óg om den gongen Jesus vitja synagogen i Nasaret , og alle skjøna at han var Guds son.

Vertshuseigaren fortalde om julenatta då den vesle familien kom til Betlehem. Barna hadde på førehand fargelagt eit familieportrett som dei viste til vertshuseigaren. Der fekk dei litt å ete medan dei høyrde om den fyrste julenatta.

Maria frå Magdala fortalde om korleis ho salva føtene til Jesus når det var selskap hos farisearen Simon, og om då ho kom til den tomme grava og fekk sjå Jesus som hadde stått opp frå dei døde.

Vidare på vandringa møtte barna søstera til den lamme mannen. Ho fortalde om korleis det var når Jesus gjorde bror hennar frisk. Vennene hans fira han ned gjennom taket så han kom gjennom folkemengda fram til Jesus.

Så var det Peter sin tur å fortelja om den store fiskefangsten på Genesaretsjøen. Fiskegarnet hadde han med seg for å synleggjera at han måtte setja garnet ut på andre sida av båten slik Jesus  sa til han.

Til slutt gjekk me inn i kyrkja og hadde fest hos Sakkeus, akkurat slik som Sakkeus hadde lova.

  

 

 

  Kommentarer


23. august 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando