Konsert i Bømlo kyrkje med Osternes mannskor

Osternes mannskor kjem til Bømlo kyrkje søndag 30. april kl.20.00

«Vart, vemodig og vakkert!»

Dette sitatet er henta frå Fitjarposten sin omtale av Osternes mannskor sin temakonsert i Fitjar-kyrkja torsdag 26. januar. Ei nesten fullsett kyrkje fekk høyra koret syngja religiøse folketonar frå ulike stader på Vestlandet, samla inn av folkeminnesamlaren Olav Sande frå Leikanger i Sogn, og arrangert av koret sin faste pianist, Svein Tørnquist, som i ein pause i konserten fortel om arbeidet til Olav Sande.  Samarbeidet mellom  Tørnquist og dirigenten Ole Chr. Ottestad har inspirert og motivert koret til å yta sitt beste, og reaksjonane etter konserten var at dette måtte fleire enn fitjarbuen få glede av. Osternes mannskor deler gjerne gode opplevingar med sine naboar, og difor framførte koret programmet allereie 7. februar i Nysæther kyrkje for nærast fullsett kyrkje. No vil vi gjerne gleda Bømlo og med desse vakre tonane, og skal ha konsert i Bømlo kyrkje til helga og Bremnes kyrkje i mai. For å sitera Fitjarposten igjen : «Det er for gale at berre folk frå Fitjar skal få glede av eit så vakkert program!»

Karvel Strømme

  Kommentarer


29. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando