Godhet Bømlo
Godhet Bømlo

Godhet Bømlo frå 30.mai til 1. juni kl.17.00-21.00

Treng du hjelp eller kjenner du nokon som treng hjelp?

For eksempel til å:

  • Vaska bilen
  • Klippe plenen
  • Rydda i garasjen
  • Vaska kjøkkenet
  • Henga opp ei lampe
  • Mala eit rekkverk
  • Gå ein tur
  • Besøk
  • Tur med elektrisk sykkel

Tilbodet er GRATIS og utan forventning om å få noko som helst tilbake. Utlegg til materiell, planter og maling osv. held den som ynskjer hjelp.

Frå 30. mai. til 1. juni frå kl. 17.00 – 21.00 vert det arrangert «GODHETSVEKA» her på Bømlo. Me trur at « Små ting gjort i kjærleik vil forandre verda» og håpar på ein kultur der det å yta godhet og hjelp for sine medmenneske kan bli ein god  vane.

Uansett om du treng hjelp eller ynskjer å bidra, ta kontakt med leiargruppa:

Diakoniarbeidar Sissel F. Våge,

tlf: 993 25 028/ 53 42 32 85,

epost: sissel.j.vaage@bomlo.kommune.no

eller Bømlo frivilligsentral,

tlf: 53 42 14 14,

epost: bomlo@frivilligsentralen.no

eller registrer deg/dykk (gruppe, lag, klubb, foreining) på: www.godhet.no 

Påmelding kan skje frå 8. mai og fram til 28. mai.

Aktørar er: Representantar frå ulike lag og organisasjonar på Bømlo.

  Kommentarer


16. oktober 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando