Moster 2024-seminar
Moster 2024-seminar

Føredrag ved Oddvar Johan Jensen, professor i kyrkje – og teologihistorie ved NLA

04.06.17 kl. 15.00 – 17.00

Amfisalen, Moster Amfi- og Kyrkjehistoriske Senter AS

 

Føredrag ved Oddvar Johan Jensen, professor i kyrkje – og teologihistorie ved NLA Høgskolen Bergen.

Kulturelt program.

Møteleiar styreleiar Svein Arne Theodorsen.

 

Billettpris kr. 200.

Påmelding:

Billettar på www.bomlo.net eller Moster Amfi tlf. 53 42 66 00 / post@mosteramfi.no

 

Fortida i samtida

Perspektiv på Moster 1924 – 2024 i eit Luther-år

Det er ikkje første gong det vert jubilert for kristenretten på Moster.  900-årsjubiléet blei feira den 29.juli i 1924.

Det høyrer til jubilea sin art at det er noko frå fortida som feirast. Like viktig er det at dette har relevans og noko å seia for framtida. Utan dette samtids- og framtidsperspektivet var det neppe noko å feira. Det er difor ikkje til å unngå at jubilea sin bruk av historisk materiale kan bli selektivt, for ikkje å seia kreativt.

Det er mange eksempel på dette, ikkje minst frå kyrkjehistoria.  Luther-jubilea dannar ei lang kjede av slike aktualiseringer. I ettertid ser me tydelegere at dette både handla om tolking av historia og bruken av materialet for aktuelle formål.

På Moster 2024 – seminaret får me ei innføring i jubileet i 1924 med besøk av kong Haakon og etableringa av det store og tunge steinkorset på Vetahaugen.

I sin uttale i samanheng med arbeidet med tusenårs- jubileet i 2024 skriv Oddvar Johan Jensen: 

«Korset står der fremdeles, men ellers har mye endret seg i løpet av de snart hundre årene som har gått siden 1924.»

Våren 2017 blir ideen om eit riksjubileum på Moster i 2024 for Kristenretten sakshandsama både i Bømlo kommune og i Hordaland Fylkeskommune.

Viktige spørsmål her er: Kva vil me leggja vekt på ved jubileet i 2024? Kva kan historia – inklusiv historia om store jubileumsmarkeringar, gje av innspel til vår feiring i 2024?

 

  Kommentarer


29. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando