Pilegrimstur 5. - 6. august
Pilegrimstur 5. - 6. august

Set av laurdag 5. og søndag 6. august og bli med på pilegrimstur!

Motiva for pilegrimsferd har endra seg frå mellomalderen til i dag, og det å bli frisk frå sjukdom og botshandlingar er ikkje lenger sentrale motiv.

Dagens pilegrimar reiser gjerne for å kunne søkje andre verdiar enn det folk flest finn i ein travel kvardag. Dette gjeld både i åndeleg-, sosial- og kulturell samanheng. Pilegrimsreiser kan slik gi den reisande nye impulsar og opplevingar (Kystpilgrimsleia.no)

 

Laurdag

Turen startar med buss frå Bømlo laurdag morgon. I Etne vert det ei kort samling i Stødle kyrkje. Segna seier at det var Erling Skakke som sette  opp den eldste delen av kyrkja på 1100-talet. Etter samlinga i kyrkja tek me turen langs den gamle postvegen frå Etne til Skånevik. Frå Skånevik går turen vidare med båtar, skøyte osv., til Fjelberg gamle prestegard. Her vert det overnatting og middag.

 

Søndag

Me startar dagen med ei morgonsamling før frukost og avreise. Denne dagen går turen vidare med båt til Halsnøy kloster. Me får omvising på klosteret og kan gå ei kulturløype som ligg rundt klosteret. På klosteret er det og kafé.

Etter opphaldet på Halsnøy set båtane kursen mot Moster. Her vert det ei samling i kyrkja, omvising  i Kyrkjehistorisk senter og Steinrike Bømlo for dei som ynskjer det, og middag som avslutning.

Pris for heile turen:  1850,- kr. Dette inkluderer overnatting og omvisingar, middag laurdag, frukost og middag søndag, transport til Etne laurdag og båt frå Skånevik til Moster via Fjelberg og Halsnøy. Detaljert program vert tilsendt etter påmelding. Det må vera min. 15 påmeldte for å arrangera turen.

Påmelding innan 28. juni til diakoniarbeidar
Sissel Fylkesnes Våge

På epost: Sissel.j.vaage@bomlo.kommune.no
Eller telefon: 53 42 32 85/53 42 32 80

  Kommentarer


23. august 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando