Bli med som forsongar i Olsokgudstenesta i Moster gamle kyrkje
Bli med som forsongar i Olsokgudstenesta i Moster gamle kyrkje

Invitasjon til å vera med som forsongar i gudstenesta i Moster gamle kyrkje olsokaftan, laurdag 29. juli 

Til alle som kan vera interessert i å syngja gregoriansk song og som er i rimeleg nærleik av Moster laurdag  29 juli:

Det er lang tradisjon for å feira gudsteneste i Moster gamle kyrkje på olsokaftan. Moster, gamlekyrkja og olsok er ein så historisk viktig kombinasjon at det fortener noko særskilt. Dei siste åra har me gjerne markert dette ved å nytte nesten berre gregoriansk musikk i gudstenesta, dvs at me føl vanleg gudstenesteordning, men brukar gregorianske melodiar (nesten) overalt der det er musikk (både salmar og liturgiske ledd, altså).

Interessa for dei historiske røtene våre er stor for tida, ikkje minst i samband med dei betydelege jubilea som Moster er i sentrum for. Dette vil vera ein anledning til å læra litt om den musikken som «ljoma» i Moster gamle kyrkje då ho var ny, og som var rådande på den tida me markerer i jubilea. Øystein Skullerud, kantor, inviterer deg med dette til å bli med som forsongar ved årets olsokgudsteneste, laurdag 29 juli kl 19.00 i Moster gamle kyrkje.

Opplegget blir slik: Møt opp kl 17.00 i Moster amfi - amfisalen. Der blir det ei kort innføring i gregoriansk song før ein syng gjennom repertoaret til gudstenesta (vert sendt ut på førehand). Kl 1845 går me bort i gamlekyrkja og er forsongarar under gudstenesta. Repertoaret vil likne ein god del på det me har hatt dei føregåande åra. Dei som har vore med tidlegare, vil difor kjenne att mykje av stoffet.

Anten du vil vera med sjølv eller ikkje, sprei gjerne denne invitasjonen til potensielt interesserte (kor-)songarar.

Dei som vil vera med gir ei tilbakemelding til Øystein på:

e-post: oystein.skullerud@bomlo.kommune.no  

eller

tlf: 97 78 07 93 innan onsdag 26 juli.

Vel møtt og god sommar!

  Kommentarer


29. juni 2017 | Logg inn | Copyright 2017 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando