Tru:D9+ Supersamling i Bremnes kyrkje
 


Tru:D9+ Supersamling i Bremnes kyrkje
Tru:D9+ Supersamling i Bremnes kyrkje

Superkjekk Supersamling!

Dei to første dagane i sommarferien var 9-åringane i Bremnes sokn inviterte til trusopplæringstiltaket Tru:D9+ Supersamling i Bremnes kyrkje.

Måndag 26. og tysdag 27. juni troppa det opp 12 barn i Bremnes kyrkje. Me har hatt to kjempekjekke dagar saman med fantastisk kjekke barn :-) Måndagen starta med leik, før me hadde samling i kyrkja. Me fekk høyra historia om den lamme mannen, og vennene hans som hjelpte han til Jesus. Me snakka etterpå om superheltar, og me fann ut at det var mange superheltar i denne bibelhistoria. Sjølvsagt var Jesus ein superhelt som gjorde både den lamme mannen og mange andre friske, men venene til mannen var jo superheltar dei også som hjelpte han! Me vart einige i at me alle kan vera superheltar for kvarandre også!  I samlinga lærte me oss songen Jeg er en superhelt som handla om at me kan vera superheltar med Jesus si hjelp. Vidare denne måndagen tok me oss ein tur i Fetløypa. Me kosa oss med niste ved gapahuken, og leika rundt omkring i området. Vel tilbake i kyrkja venta det nysteikte lappar til oss. Det smaka veldig godt etter ein dag i sol og vind.

Tysdagen hadde me planlagt båttur med skøyta Moby Dick. Me var spente på korleis veret skulle bli, me har jo ikkje akkurat hatt mange dagar med sol og fint ver denne sommaren. Det viste seg at me ikkje trong bekymra oss. Tysdagsmorgonen kom med sol frå nesten skyfri himmel! Me gjorde oss klare til båttur om morgonen, og køyrde til Mælandsvågen der skipper Trygve Søvold venta på oss med skøyta si. Me la turen mot Ulvesøya, med ein innlagt stopp undervegs, der me fekk høyra bibelhistoria om Peter sin fiskefangst. Sjølvsagt måtte me syngja litt på båten, og då var det veldig kjekt å syngja Alle mann på dekk, i tillegg til superheltsongen vår :-) Vel framme gjorde me klart til pølsegrilling, og barna fann fram bøtter for å leita etter krabbe. Me kosa oss alle saman med pølseeting, krabbeleiting, vassing, og anna leik rundt omkring før me måtte gå om bord i Moby Dick att når dagen nærma seg slutt. Me vil takka for to strålande dagar saman i kyrkja!  

 

​   

  

  

  

  

   

 

  Kommentarer


10. desember 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando