Pilegrimstur i Sunnhordland
Pilegrimstur i  Sunnhordland

Her kan du lesa om pilegrimsturen 5. - 6. august.

Laurdag 5. august var det igjen duka for pilegrimstur i Sunnhordland. Fyrste etappe på turen var med bil frå Bømlo til Stødle kyrkje i Etne.

I Stødle kyrkje fekk me høyra om historia til kyrkja godt fortalt av Tore Harbor. Me starta  samlinga med song av Ragnhild Hanssen. Malen (med bøner, tekstlesing og salmesong) for samlingane me hadde på pilegrimsturen står i den Norske salmeboka frå 2013.

Vidare gjekk turen langs den gamle postvegen frå Etne til Skånevik. Det var mykje regn, men lite vind på turen. Nokre fant turen lett heile vegen, andre hadde litt utfordingar opp til det høgste punktet på turen eller på veg ned til Skånevik, men alle kom seg til Skånevik.

Vel framme i Skånevik vart me møtt av John Magne Sørensen og Trygve Søvold som frakta oss vidare med båtane sine. Det var godt å setja seg i båtane, i roleg sjø, til neste mål for turen, Fjelberg gamle prestegard. Det var godt å komma inn i prestegarden der det var fyrt opp i grua. Det smakte og godt med middag etter ein heil dag i frisk luft! Seinare hadde me samling i ei av dei ærverdige gamle stovene på prestegarden. På denne samlinga var me så heldige å få besøk av prost Svein Arne Theodorsen som kom med ei helsing, og song og trekkspelmusikk av John Magne Sørensen.

Søndag starta me dagen med ei samling før frukost og avreise. No tok båtane oss med til Halsnøy kloster. På turen frå Fjelberg til Halsnøy fekk me kjenna på litt uroleg sjø. Etter besøket på Halsnøy gjekk turen vidare til Moster amfi.

På Moster vart me tekne i mot med flott song i gamle Moster gamle kyrkje. Turen vart avslutta med felles middag(vikingsodd) i Moster amfi. Det gjorde godt med noko varmt etter turen på sjøen i vått ver.

Me håpar pilegrimsturen har vore ei reise for fellesskap, for kultur og natur, for å oppleva sterke og svake sider med sjølv, og «der den ytre vandringa kan vera eit symbol på den indre vandringa mot Gud»(Norsk Salmebok 2013).

 

Tusen takk til deltakarar, til de som køyrte oss, les tekstar og dikt, fortalte, preika, song, laga mat og frakta oss med båtar!

  

  

 

  Kommentarer


24. august 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando