Damekor i Bremnes kyrkje søndag 24.september kl.19.30
Damekor i Bremnes kyrkje søndag 24.september kl.19.30

mMokkat kjem til Bremnes kyrkje.

Det er damekoret mMokkat frå Stord som vitjar Bremnes kyrkje denne søndagskvelden. Koret vart stifta i 2007, og har sidan vore å høyre ved mange høve rundt omkring i  Sunnhordland og vidare utover. I oktober går turen til Latvia. Maria Malmsten er kunstnerisk leiar for dei åtte damene. Ho sørgjer for å gje songarane utfordringar, noko repertoaret avspeglar. Korsongar frå renessanse og romantikk står ofte på programmet, det same gjer norske og svenske folketonar. Men størst interesse knyter det seg kanskje til komposisjonar signerte koret sin eigen «huskomponist», Kjersti Follesø. Ho er kjend som kommuneoverlege i Bømlo, og dei færraste veit om hennar musikalske engasjement og betydelege produksjon som komponist. Ved konserten i Bremnes kyrkje er det for ein stor del hennar korverk som blir presenterte, mellom anna Messe i E-moll.

Mellom dei tre koravdelingane vil Jostein Molde spele orgelkoralar til salmetonar av Martin Luther (i høve 500-årsjubileet for reformasjonen) og orgelverk av dansken Niels W. Gade, som vart fødd for 200 år sidan.

Det blir billettsal ved inngangen (sjå annonse i Bømlo-nytt).

  Kommentarer


24. februar 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando