Mi kyrkjebok til 4-åringane
Mi kyrkjebok til 4-åringane

Velkommen til familiegudstenester med utdeling av Mi kyrkjebok til 4-åringar.

To søndagar i oktober skal det vera familiegudstenester i kyrkjene på Bømlo. På desse familiegudstenestene deler me ut ”Mi kyrkjebok 4” til alle 4-åringar. 

Mi kyrkjebok 4 er ei fin bok som me håpar både barn og vaksne vil lika. I boka er det bibelforteljingar, varierte kunstbilete, songar, salmar og enkle liturgiske ord og uttrykk. Det er også ein teikneserie om Bo og Nora som er med og gjer boka meir kvardagsleg og sanseleg.

Dei som vert 4 år i 2017 og som er medlemmer eller tilhøyrande (mor eller far er medlem) i Den norske kyrkja, får invitasjon i posten. Dersom du ikkje har fått invitasjon, men ønskjer å motta Mi kyrkjebok 4, så er du like velkomen til kyrkja på desse gudstenestene.

Det hadde vore fint om du på søndagen kunne kome tidleg til kyrkja, gjerne 15-20 minutt før gudstenesta startar. Då får me tid til å registrere deg, slik at me kan lese opp namnet ditt når du får utdelt boka.

I Bremnes sokn er 4-åringane også velkomne til førsamling med søndagsskuleopplegg laurdag 30. september kl. 12.00

Dei som høyrer til Lykling sokn er velkomne til Sprell levande og Minisprell på Finnås bedehus fredag 20. oktober kl. 17.30

Tidspunkt familegudstenester med utdeling av 4-årsbok:

Bremnes kyrkje:  Søndag   1. oktober kl. 11.00

    Bømlo kyrkje:  Søndag   1. oktober kl. 11.00

   Lykling kyrkje:  Søndag  22. oktober kl. 11.00

   Moster kyrkje:  Søndag  22. oktober kl. 11.00

 

Vel møtt til gudsteneste både store og små!

  Kommentarer


24. februar 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando