Kvar er Krølle?
Kvar er Krølle?

I september har det vore Tru:D3 Krøllekveld i alle kyrkjene på Bømlo

3-åringane på Bømlo vart denne månaden inviterte til kyrkja si for å vera med på Krøllekveld. Krøllekveld handlar ikkje om å få sett opp håret for ein rimeleg penge i kyrkja, men om å leita etter den bortkomne sauen i historia om den eine sauen og dei 99 i Luk. 15.

Ei fin forsamling av spente 3-åringar og foreldre møtte opp i dei ulike kyrkjene. Samlinga starta med ei songstund med tema sau før historia om den bortkomne Krølle som forsvann vart formidla for eit ivrig publikum.

Etterpå gjekk 3-åringane saman med foreldra på leit etter forsvunne sauer i kyrkjerommet, og samla dei i alterringen. Spaninga steig då me fann ut at me mangla ein sau. Den stakkars Krølle fann me etter kvart igjen i preikestolen.

Som avslutning på samlinga vart Velsignelsen spelt samtidig som det vart blese såpebobler over barna. Boka «Kvar er du Krølle?» vart delt ut før dei gjekk heim. Takk for ei fin stund!

  

  

 

  Kommentarer


24. februar 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando