Dag Arne Saltnes syng Aage Samuelsen i Bømlo kyrkje
Dag Arne Saltnes syng Aage Samuelsen i Bømlo kyrkje

Søndag 29. oktober kl. 19.00 kjem Dag Arne Saltnes til Bømlo kyrkje.

Søndag 29. oktober kl. 19.00 er du velkommen til konsert i Bømlo kyrkje.

Dag Arne Saltnes, motorsyklist og musikar er ein utradisjonell forkynner i dei kristne miljøa.

Han var med og grunnla den kristne MC-klubben Holy-Riders og er aktiv i MC- og bilmiljøet. Han er ein av dei få her i landet som meistrar spelestilen til verdsgitaristen Chet Atkins, og har møtt og spelt med han personleg.

Dag Arne er oppvaksen med Aage Samuelsen og nyttar hans repertoar mykje ved konsertar/møter rundt i landet der han spelar anten som trubadur eller med Jazzorkesteret ”Rue Bourbon jazzensemble” frå Haugesund som han er med i.

Ei humørfylt og glad kristen forkynning med glimt i auga er hans varemerke. Med sin uformelle stil, ønskjer han å treffe menneske i alle aldrar og med ulik bakgrunn. Søndag 29. oktober kjem han med ensemblet sitt til Bømlo kyrkje og gir oss ein kveld i Aage Samuelsen si ånd.

  Kommentarer


17. oktober 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando