Orgelmesse med noko attåt i Bremnes kyrkje
Orgelmesse med noko attåt i Bremnes kyrkje

Kolbein Haga trakterer det store orgelet, medan Ivar Mæland vil spele på eit lite kisteorgel.

Luther og biletkunsten - Luther og Bach

Søndag 19.november kl.17.00 – ca 19.30

Eit stort kulturelt løft finn stad i Bremnes kyrkje denne søndags ettermiddagen. Bakteppet er 500- årsjubileet for reformasjonen, som denne hausten vert markert på mange ulike måtar. I dette programmet vert jubileet relatert til biletkunsten, salmediktinga og koralkomponeringa i Luther si samtid. Om lag 200 år etter reformatoren sin død komponerte Johann Sebastian Bach ei stor «orgelmesse», basert på Luther sine salmar i «Deutsche Messe» og katekismesalmane hans. Denne vert i sin heilskap framført.

Luther si messeordning sprang ut av hans grunnleggjande syn på morsmålet som nøkkel til utbreiing av evangelisk kristendom. Det radikalt nye med den andre messeordninga hans var såleis at dei liturgisk-gregorianske songane på latin vart bytte ut med tyske salmetekstar til «folkelege» tonar. Luther sjølv skapte mange av dei. Vi fekk med dette ei såkalla «salmemesse», som i fleire hundre år vart einerådande innanfor luthersk gudstenesteliv.

Bach rammar inn orgelmessa si med eit storslått preludium og fuge i Ess-dur. Så tek han for seg Luther-salmane i messeordninga si rekkefølgje, og set dei ut i kunstferdige, symbolrike former, både for stort og lite orgel. I Bremnes kyrkje er det Kolbein Haga som trakterer det store orgelet, medan Ivar Mæland vil spele på eit lite kisteorgel. Ei gruppe frå Bremnes kantori vil syngje dei aktuelle salmane.  

Både Haga og Mæland har sterke band til Bømlo, då dei begge tilbringa barne- og ungdomsår her, og seinare har synt sterkt engasjement for lokalsamfunnet. Dei er begge framståande organistar med lang røynsle frå pedagogisk verksemd, konsertar og innspelingar både innanfor og utanfor landegrensene våre. Haga var i 25 år administrativ og kunstnarleg leiar for Norsk Orgelfestival, Mæland var fagleg konsulent for orgelprosjektet  i Bremnes kyrkje på slutten av 80-talet, og sentral aktør ved gjennomføringa av det store 1000-årsjubileet på Moster i 1995.

Luther var ikkje kunstfiendtleg, snarare tvert imot. Dette vil kunstkritikar Trond Borgen setje søkjelyset på i sitt foredrag mellom orgelavdelingane.

Sidan programmet er langt og omfattande, blir det lagt opp til pause med kaffi og prat.

  Kommentarer


17. august 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando