Temakveld for konfirmantar og foreldre
Temakveld for konfirmantar og foreldre

Hein Anders Kvalheim hadde føredrag for konfirmantane og foreldra i Bremnes kyrkje.

Tysdag 7.november arrangerte me føredrag for alle konfirmantane på Bømlo saman med foreldra. Hein Anders Kvalheim var invitert som føredragshaldar. Han vart kjend då han sommaren 2013 var med Odd-Bjørn Hjelmeset på ekspedisjonen «Ingen grenser» som vart vist på TV2. Han brakk ryggen i ei trafikkulukke i 1983, då var han 16 år. Etter denne dramatiske endringa kan han likevel fortelja at livet har fart fint med han. Han kom i gong med utdanning, og var ferdig utdanna siviløkonom i 1991, og arbeider no som økonomisjef i Sjømannskirken.

I løpet av kvelden var han innom desse tema:

  • To viktige ting for oss menneske: å bli elska og å bli brukt - kva betyr eg for andre?
  • Sjølvbilete - kva er det? Kva påverkar sjølvbiletet? Kva kan me gjera noko med?
  • Å vera god nok - generasjon prestasjon
  • Å våga å bevega seg utanfor komfortsona - eksempel frå Ingen Grenser
  • Skapt i Guds bilete

Hein haldt eit engasjerande og interessant føredrag der han kombinerte bilete og filmklipp. Han fortalde ein sterk historie, og delte tankane sine om livet, om vala me tar og haldningane som er så avgjerande for korleis livet artar seg.  

  Kommentarer


23. juni 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando