LysVaken i kyrkjene i november 2017
LysVaken i kyrkjene i november 2017

11.-12. november var det LysVaken i Bømlo kyrkje. Sjå fleire bilete frå dei ulike kyrkjene i artikkelen. 

I alt 79 barn har delteke på LysVaken i kyrkjene på Bømlo no i november. Dei møtte opp i kyrkja si så forventningsfulle med soveposen i handa. Etter at alle var registrerte, T-skjorta med LysVakenlogo tatt på og namneskiltet plassert, var me klar for den første samlinga. Den handla om kva det å vere LysVaken betyr. LysVaken handlar om å vere lys vakne for det som skjer rundt oss. Vi skal vere lys vakne for kvarandre, for Gud og for oss sjølve. LysVaken-songen ljoma etterkvart utav høgtalarane.

Etter litt ulike aktivitetar og øving til gudstenesta på søndagen, smaka det godt med pizza og det var god stemning rundt borda. Fleire foreldre hadde sagt seg villige til å delta på vandreturen rundt på ulike stasjonar i kyrkja. Dei følgde kvar si gruppe rundt. Her fekk 11-åringane høyra om kyrkjerommet som vert kalla kyrkjeskipet. Me var oppe i talarstolen, tende lys ved lysgloben, knela ved alterringen og teikna kors i panna med vatn frå døypefonten til minne om underet i dåpen. Vidare fekk dei prøva ulike presteklede, læra om nattverden og smaka på oblat og vin. Det var også spennande å ta ein tur opp i kyrkjetårnet for å sjå på dei store kyrkjeklokkene.

Etter denne vandringsturen var det klart for film og laurdagsgodt. Når filmen var slutt var det klart for det mange hadde venta på;  få rulla ut soveposen og gjera soveplassen klar for natta! Etter tannpuss var det tid for ei godnattsamling inne i alterringen. Så var det tid for å leggje seg, men før me la oss til å sove, vart det litt god prat og latter ilag. Lyset vart sløkt, og roen senka seg. Foreldre hadde vakande nattevakt pga branntryggleik.

Kl. 8.30 vakna 11-åringane til Morgonstemning av Grieg på orgel, og ein ny dag tok til. Etter å ha rydda saman soveposen, var det tid for frukost som nokre foreldre kom og leverte ferdigsmurt i kyrkja. Den vart veldig godt mottatt.

Det var ein høgtidleg prosesjon med LysVakenbarn som vandra framover i kyrkjeskipet. LysVakensongen vart framført med stor entusiasme. Gudstenestene i dei fire kyrkjene vart ei fin avslutning på eit innhaldsrikt døger med LysVaken. Takk til alle dei flotte 11-åringane! Me treffes igjen på seinare Tru:D-tiltak!    

   

 

 

  

 

 

 

 

  Kommentarer


24. februar 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando