Julekonsertar i kyrkjene
Julekonsertar i kyrkjene

Velkommen til dei tradisjonelle julekonsertane i kyrkjene våre.

Søndag 17. desember er det nok ein gong klart for dei tradisjonelle julekonsertane i kyrkjene våre. Unge og eldre musikantar og songarar frå våre eigne rekkjer står klar til å formidla den glade julebodskapen i ord og tonar.

I Moster kyrkje vil skulekorpset som vanleg ta del, det same vil Moster kyrkjekor i samsong med Bømlo kyrkjekor. Saman deltek kora også i Bømlo kyrkje om kvelden. Også der vil det lokale korpset – Hillestveit Musikkorps - ha ein sentral plass i programmet. Begge stader vil Steffen Siggervåg Sortland syngja både åleine og saman med koret. Ein òg få høyra andre unge song- og instrumentalsolistar. Desse konsertane blir leia av kantor Øystein Skullerud.

I Bremnes kyrkje blir det ei talrik mønstring av kor og korps, alt frå dei minste i Soul Children og Bømlo samarbeidskorps til dei noko eldre i Bremnes kantori og Bømlo Janitsjar. Det heile blir leia av kantor Jostein Molde.

I alle kyrkjene blir det lagt til rette for fulltonande fellessong, akkompagnert av både orgel og korps.

 

Velkomen til julekonsert!

  Kommentarer


24. februar 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando