Julevandring desember 2017
Julevandring desember 2017

Josef og Maria og Jesusbarnet i stallen. 

I desember har me mange ulike arrangement i kyrkja. Eit av dei er julevandring for barnehagane. Me er heldige og har fleire vaksne som stiller som skodespelarar år etter år, i tillegg til at me kvart år får med nokre nye fjes. Måndag 11. desember var dagen dette året. Det var ein nydeleg kald dag, med snø og sol frå skyfri himmel. Barnegrupper frå Maurtua barnehage, Espira Salamonskogen, Espira Hollund og Espira Rubbestadneset hadde meldt seg på til vandringa. Me gleda oss i lang tid til dagen, og det var veldig kjekt å sjå alle barna som kom på julevandring, og som kikka med store auge på både manntalsførar og kamel, før dei følgde den store stjerna fram til stallen. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  Kommentarer


24. februar 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando