Velkommen til leiarkurs
Velkommen til leiarkurs

Denne våren kan du vera med på leiarkurs arrangert av Salem og Moster kyrkjelyd

Leiarkurs – kva er det?

Me møtest fem gonger i vår, til eit lite måltid (taco

eller pizza for eksempel) og til samtale om ein

bibeltekst. Dine spørsmål vil vera viktige.

Samlinga er frå 14:15 til 16:00, og føregår

i Salem fylgjande datoar:

  • 17.januar, onsdag.
  • 06.februar, tysdag.
  • 06.mars, tysdag.
  • 03.april, tysdag.
  • 15.mai, tysdag.

 

I tillegg kan du få sjanse etterkvart til å velja mellom fylgjande:

  • Delta i styret for AKTIV
  • Delta i gudstenesta med miksepult eller andre ting
  • Delta i søndagsmøte, myldredag eller anna på Salem (praktiske oppgåver ved miksepult/kjøken og diverse)
  • Bli med på tur til Estland i august

 Få med deg venner og meld deg på! Du må vera i 8.klasse og oppover.

Leiarkurs – kvifor?

  • Du møter andre og har det gøy
  • Du brukar tid med venner
  • Du lærer meir om å vera kristen og blir tryggare i trua di
  • Du lærer om kva du er flink til
  • Du kan få betre sjølvtillit
  • Du kan finna svar på spørsmål du lurer på
  • Du får bety noko for andre
  • Du lærer å ta ansvar
  • Du finn meir ut om å leva i eit kristent fellesskap

Praktisk info:

Påmelding til Aksel Lygre,

på SMS til 91 80 70 24 INNAN 16.JANUAR

 

Arr.: Salem og Moster kyrkjelyd.

  Kommentarer


20. mai 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando