Tru:D 17/18 Londontur
Tru:D 17/18 Londontur

Du som vert 17 eller 18 år i 2018 kan bli med kyrkjelydane på tur til London i sommar.

Bli med kyrkjelydane på Bømlo til London. Tiltak for deg som blir 17 eller 18 år i 2018.

London er spennande og har mykje å by på. Me tenkjer oss ein tur som inneheld byvandring, musikalen Les Miserables, kyrkjebesøk, møte med det sosiale arbeidet i byen, besøk i den norske sjømannskyrkja, treff med norske utanlandsstudentar og sjølvsagt shopping.

 

Tidspunktet for turen er 19.juni - 22.juni 2018, altså dei tre siste skuledagane før sommarferien. Når det gjeld skulefråver; me samarbeider med dei vidaregåande skulane på Bømlo. Dei har høve til å leggja til rette for at at fråver i samband med turen ikkje skal telja på kompetansebevis/vitnemål.

 

Me inviterer til infomøte for ungdom og føresette 16.januar 2018  kl.19.00 i Bremnes kyrkje. Me vil også ha ei kveldssamling i løpet av våren for dei som blir med på turen.

 

Påmeldinga opnar 17.januar kl.9.00. Bindande påmelding innan 31.januar 2018. Ca pris kr 3.500 for reise, opphald med frukost og musikalbillett. I tillegg kjem utgifter til mat og lommepengar.

  Kommentarer


20. mai 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando