Velkommen til ønskekonsert i Lykling kyrkje
Velkommen til ønskekonsert i Lykling kyrkje

Velkommen til ønskekonsert i Lykling kyrkje tysdag 23. januar. 

Tysdag 23. januar kl. 19.00 vert det ønskekonsert i Lykling kyrkje.

«Ønskekonserten» er det mest populære faste radioprogrammet i Noreg nokonsinne. I radioen sin gullalder skrudde 75% av lyttarane på radioen for å få med seg innsendte musikk-/plateønske der ein formidla gratulasjonar og helsingar mellom slekt og vener. 

På ønskekonserten i Lykling kyrkje skal du og mange andre få lov til å syngja favorittsalmen din. Ønske skal ikkje sendast inn på førehand. Dette skal du få lov til å koma med i kyrkja. Organist Jostein Molde sit klar ved orgelet med koralboka til alle salmane i salmeboka.

Mange av oss har ein favorittsalme. For nokon kan det vera heilt frå tidleg barndom. Andre lærte kanskje ein ny salme i konfirmanttida, då pugging av salmar var vanleg.                           

Nokre har spesielle kjensler til ein særskilt salme. Me oppmodar dei som har lyst til å seia noko om kvifor ein salme er blitt favorittsalmen.

Varmt velkomen til ein koseleg kveld i Lykling kyrkje med god og fin salmesong!

 

 

  Kommentarer


23. juni 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando