Årsmelding Estlandskomiteen 2017
Årsmelding Estlandskomiteen 2017

Frå sommarleiren i Estland 2017

I komiteen for 2017 sat Håkon Staveland (leiar, Bremnes), Anne Lie Steinsbø (Bremnes), Anne Grete Espevik (Lykling), Gunn Stensen( Bømlo), Olga Kårbø (Bømlo), Gunnvald Bjotveit (Moster). Representant for prestane: Aksel Lygre.

Estlandskomiteen har i 2017 hatt 4 møte. I møta har me drøfta samarbeidet med Sangaste og med NMS, lagt konkrete planar for reiser og handsama økonomi. Nokre midlar er overførte til støtte for konkrete søknadar frå soknerådet i Sangaste, ikkje minst diakoni. Flest pengar er brukt til utgifter til planlegging og gjennomføring av  sommarleir.

 

Sommarleir i Estland for norske og estiske ungdomar var frå  31.juli til 6.august. Planlegging i midten av mars med vitjing frå Estland og deltaking i to gudstenester her. Leiren  har også i 2017 fått særs gode tilbakemeldingar. Med oss hadde me 3 ungdomar: Rebekka Lillenes, Hilde Kristin Hystad og Erlend Nordtun. Vaksenleiarar var i år berre Aksel Lygre, då Hilde og Rebekka begge er over 18 år. Ungdomar vart betre kjent med Jesus og styrka i trua si. Norske ungdomar representerer kyrkjene her på Bømlo på ein flott måte. Me er dei stor takk skuldige.  På sommarleiren hadde me ein dag i klatrepark, rallycross, foto,  kunstdagar med høg kompetanse på undervisinga, besøk av TV-kjendis med foredrag og sport og leik elles.

 

Ei gjentakande utfordring er å få med ungdom frå Bømlo på tur til Estland. Verving må skje tidleg, og som integrert del av anna ungdomsarbeid. Før leiren 2018 blir det leiarkurs i Moster som førebur deltaking i sommarleir.

 

I  oktober reiste Anne Grete Espevik og Aksel Lygre på besøk til Sangaste. Me hadde drøftingar, deltok på 2 gudstenester og var gjester på lokal filmfestival. Frå drøftingane: Ungdomsarbeidet i Sangaste er ikkje organisert med faste møtepunkt og eige styre. Me har hatt gode og tøffe samtalerundar om dette, og me frå Norge har måtta læra at kyrkjelyden i Sangaste må organisera seg slik dei ser det og kan det ut frå sin røyndom. Dette handlar også om at me blir betre kjende og at me i praksis fungerar som likestilte.  I Sangaste og områda rundt er det ei utfordring at ungdomane etter vidaregåande forlét heimtraktene for å studera i Tartu eller Tallinn. Samtalar med NMS har også ført til at me ikkje lengre satsar på bruk av eittåringar, då dette blir for usikkert som strategi. Ungdomsarbeidet har likevel vore med å vitalisera kyrkjelyden i Sangaste. Gode, fungerande rammer rundt ungdomsarbeidet innebera at arbeidet no er integrert i øvrig kyrkjelydsarbeid.

 

Takk til kyrkjelydane på Bømlo, som har gitt oss kollektar og som ber for og informerar om arbeidet. Takk til private gjevarar og bedrifter som har støtta oss økonomisk.  Gjennom alt dette har me kunna sponsa ungdomane sine reiser, slik at både planlegging, leir og den gode kontakten mellom norske og estiske ungdomar har vore mogleg. Komiteen vil også takka ungdomane – både i år og tidlegare år - som har gitt av tid, krefter og eigne pengar for å kunna ta del i arbeidet.

 

Rekneskap for 2017 er del av fellesrådet sin rekneskap, og med rekneskapen fylgjer oppsett for budsjett for 2018.  Budsjettet er å lesa slik at eksempelvis 4,5 tyder kr.4500, - . Etter ofringane julafta 2017 i kyrkjelydane på Bømlo har me ved årsskiftet totalt til dei utgifter som kjem i 2018 kr. 91 575,37  på konto.

 

Årsmeldinga er vedteken i Estlandskomiteen januar 2018.

 

For Estlandskomiteen

 

 

                   Håkon Staveland,                              Aksel Lygre,    

                             leiar.                              sokneprest/komitémedlem.

Her finn du rekneskap 2017 og budsjett 2018 

  Kommentarer


17. oktober 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando