Kjekk aktivitetsdag i Bremnes kyrkje
Kjekk aktivitetsdag i Bremnes kyrkje

Mange ulike aktivitetar var på planen på Tru:D8 Aktivitesdag i Bremnes kyrkje.

Måndag 29. januar var det planleggingsdag for skulane på Bømlo. Kyrkja inviterte denne dagen alle åtteåringane i Bremnes sokn til Tru:D 8 Aktivitetsdag. 26 barn melde seg på tiltaket. Med stor iver vart alle registrerte og fekk klistra namnelapp på genseren sin då dei kom om morgonen.

Først på dagen var det ulike aktivitetar barna kunna velja mellom: spela brettspel ved bord framme i kyrkja, teikna eller leika med treklossane i ein krok i kyrkja. Barna fann seg fort til rette med noko dei lika.

Ca kl. 0940 vart alle barna samla framme i kyrkja til samling om Guds skaparverk. Me høyrde om alt det Gud skapte, og alle fekk læra bibelverset: «Gud såg på alt det han hadde gjort, og sjå, det var svært godt!». Ved hjelp av ulike teikn lærte alle dette verset.                                        

Vidare fortalde Sissel J. Fylkesnes Våge om lysgloben, og barna fekk vera med å tenna lys sjølv. Det var ei fin stund.

Så var det tid for ulike stasjonar der me skulle jobbe meir med Guds skaparverk som tema.  Barna vart delt inn i fire grupper; raud, blå, grøn og gul gruppe. Alle var i tur og orden innom stasjonar med teikning, klossebygging, plastilina og ein stasjon der dei fekk vera med å laga til lunsj; grønsaksuppe.  I samlinga før lærte alle at Gud kunne skapa av ingenting. No var det tid for at barna skulle få vera med å laga noko. Dei fann fort ut at me menneske ikkje kan lage noko ut av ingenting, men treng ulike materiale og hjelpemiddel. 

Klokka 1145 var det tid for suppe. Alle var svoltne etter god jobbing heile føremiddagen, og grønsaksuppa gjekk ned på høgkant.

Etter å ha vore inne i kyrkja heile føremiddagen, var alle saman klare for tur med innlagde postar. Gruppene samla seg og gjekk på tur langs Storavatnet. Det var spennande å leite etter postane, og dei ulike oppgåvene vart løyste med stor iver. Her var det mange spørsmål om kva Gud har skapt i naturen, og kva me menneske har laga.

Vel tilbake i kyrkja venta det varme og gode lappekaker på oss. Barna teikna, leika med klossane ol. fram til foreldra litt etter litt kom og henta sine åtteåringar, og aktivitetsdagen var over for denne gong.  

Takk for ein fin dag!

 

  

 

  

 

  

 

 

 

 

  Kommentarer


24. februar 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando