Ta ein pause i kvardagen
Ta ein pause i kvardagen

Hanne Kristin Rohde, Jan Erik Larssen og Frode Thuen kjem til Stord på lunsj-seminar.

Lunsj-seminar onsdag 21.mars 2018 kl.11.00-14.00 Høgskulen på Vestland (HVL) på Rommetveit på Stord

Kyrkja er ein viktig samfunnsaktør. Kyrkja står for verdiar og haldningar som er viktige for alle aldersgrupper. Me møter menneske gjennom heile livet frå vogge til grav.

Difor er det også viktig at kyrkja er på banen, ute i livet, der folk lever i kvardag og helg.

Me vil vera med og skapa møteplassar både mellom einskildpersonar og ulike grupperingar.

 

Ein annan viktig aktør er næringslivet, både det offentlege og private.

Arbeid er ein sentral del av folk sitt liv gjennom minst 40 år. Arbeidsplassen og fellesskapen med gode kollegar har stor betydning og er ein viktig trivselsfaktor for dei fleste av oss.

Dette er grunnen til at me to prestar engasjerer oss i spenningsfeltet mellom kyrkja og næringslivet. 

 

For fjerde gang vil me arrangera eit lunsjseminar i Sunnhordland der kyrkja og næringslivet kan møtast. Me er glade for å få med HVL (Høgskulen på Vestlandet) med på laget. Dei inviterer oss til Rommetveit på Stord og stiller lokale til disposisjon. Me vil gjerne også ha Samarbeidsrådet for Sunnhordland med på laget.

 

Som foredragshaldarar denne dagen har me fått med oss svært kompetente personar.

 

Hanne Kristin Rohde(kjent politikvinne, krimforfattar og frå «Åsted Norge» på TV2)

Tema er: Kva får ein med kvinner i leiinga?

 

Jan Erik Larssen( programleiar i bilprogram på TV  som Autofil, Broom broom )

Tema: Teamarbeid betalar seg.

 

Frode Thuen (psykolog, spaltisk i ulike aviser)

Tema: 100% innsats på jobb – 100% innsats på heimebane. Korleis går dette i hop?

 

Dette er tema som er viktige for oss som kyrkja. Dette er tema som me meiner andre aktørar også må ta på alvor.

Påmelding:
tlf. 47475305 / eirik@kyrkja-stord.no
Frist: 19. mars.
Pris kr. 900,- pr. pers. inkl. servering.
Betal til kontonr: 3240.11.63394

 

Roald Drønen                                                 Eirik Tappel Aadland

Sokneprest Bømlo                                         Sokneprest/prostiprest  Sunnhordland

  Kommentarer


24. februar 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando