Songkveld i Bremnes kyrkje 18. februar kl.19.00
Songkveld i Bremnes kyrkje 18. februar kl.19.00

Velkommen til songkveld i Bremnes kyrkje

Det er mange i våre bygder som er glade i den kristne songskatten frå vekkingstidene i det førre hundreåret. Søndag kveld skal slusene opnast og den glade allsongen få strøyme fritt ut i Bremnes kyrkje. Trekkspel og gitar har vore gode følgjesveinar til desse songane, som gjerne er lyse og lette. Det er Svanhild`s som vil stå for det meste av akkompagnementet, men Jostein Molde vil også ha nokre fingrar med i spelet på orgelet. Svanhild`s er ei svært aktiv gruppe i  lokalmiljøet, og gler mange med frisk musikk og song. Gruppa har ein forkjærleik for nettopp denne musikksjangeren.

Dei kjende og kjære songane vil kome som perler på ei snor, berre avløyst av tre bolkar med lesing. Eli Simonsen frå Fitjar vil ta seg av desse. Ho er svært engasjert i kultur- og kyrkjelivet  på heimstaden, og er ein uvanleg flink formidlar. Ho har med seg både lyrikk og prosa frå sitt rikhaldige arkiv. 

Det blir høve til å gje ei gåve til kyrkjelydsarbeidet.

  Kommentarer


17. august 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando