Informasjonsmøte konfirmant 2019
Informasjonsmøte konfirmant 2019

Me gler oss til å møta neste års konfirmantar.

Denne veka er det informasjonsmøte for dei som ønskjer å vera konfirmant i kyrkja våren 2019. Me har sendt ut brev til medlemar og tilhøyrande av kyrkja som er fødde i 2004, og me gler oss til å treffa neste års konfirmantar. Me håpar alle det gjeld har motteke brev, men dersom nokon ikkje har fått brevet så kan ein finna det her

Mange lurar kanskje på kva Tru:D (uttalast Tru det!) står for. Dette er heile trusopplæringsløpet som kyrkja på Bømlo jobbar med at barn og unge skal vera ein del av. Tru:D-løpet startar allereie med dåpen og inneheld trusopplæringstiltak som blant anna Tårnagent, 4-årsbok og Lysvaken. Størst av alle trusopplæringstiltaka er likevel konfirmasjonen. 

Tidspunkt for informasjonsmøta er som følgjande:
- Bremnes kyrkje  tysdag 6.mars kl. 19.00
- Lykling kyrkje     tysdag 6.mars kl. 19.00
- Moster kyrkje     onsdag 7.mars kl. 18.30
- Bømlo kyrkje      onsdag 7.mars kl. 19.00

  Kommentarer


24. august 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando