Påskesong i Lykling kyrkje
Påskesong i Lykling kyrkje

Palmesøndag inviterer me til påskesong i Lykling kyrkje

 

Velkommen til påskesong palmesøndag kl.16.30

Palmesøndag ettermiddag vert det, tradisjonen tru, påskesong i Lykling kyrkje. Gjennom skriftlesing, song og musikk vil det kristne påskedramaet bli framstilt. Det startar med ”hosianna”, held fram med ”krossfest” og endar med ”halleluja”. Bibeltekstar og salmar som knyter seg til hendingane, er berande element i programmet. Sigrid Gunnarsjaa vil medverke som solist. For tida utviklar ho sitt gode songtalent innanfor eit rikt folkehøgskulemiljø. Jostein Molde vil flette inn korte orgelstykke  av både meditativ og jublande karakter.

 

Arrangøren Lykling sokneråd ser gjerne at mange tek del i denne førespeglinga av dei komande påskehendingane

  Kommentarer


24. august 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando