Vi er tårnagenter! Vi er tårnagenter!
Vi er tårnagenter! Vi er tårnagenter!

Bilete frå Tårnagenthelgene.

Dei to første helgene i mars var det mange agentar rundt omkring i kyrkjene på Bømlo.  Til saman 69 barn var på Tårnagenthelg i Bremnes, Bømlo, Moster eller Lykling kyrkje.  Helga starta med registrering og  labyrint i kyrkja før alle fekk kvart sitt agentbevis med agentnummer og sitt eige fingeravtrykket på. 

I den første samlinga fekk alle agentane nokre agenttips som var lure å hugsa på når dei skulle utføre alle agentoppdraga denne helga.

Agentane fekk øva til tårnagentgudstenesta dagen etter, dei fekk agentpølser til mat og hadde utover laurdagsettermiddagen fleire ulike agentoppdrag.

Agentane vart delt inn i grupper, og skulle innom fleire stasjonar. På den første stasjonen var det skattejakt der agentane måtte løysa eit tårnagentkryssord. Inne i kyrkjerommet var det symboljakt. Agentane fann mange ulike symbol, og fekk læra meir om kva dei tyder. Ein stasjon var å byggja så høgt klossetårn ein klara. Det vart mange flotte tårn! For ein agent er det viktig å ha augo med seg, og det fekk alle prøva seg på når dei fekk i oppgåve å finne fem feil på ei teikning. Til slutt kanskje den mest spennande stasjonen; tårntur! Veldig spennande å få klatra opp alle trappene heilt opp i tårnet i kyrkja, og få sjå på klokkene der oppe! Vel nede att fekk agentane litt innblikk i korleis orgelet i kyrkja verkar, og dei fekk øva på songar til gudstenesta ved orgelet. Før det var tid for å gå heim, fekk alle kvar sin diplom med vel utført agentjobb.

Søndagen var alle tårnagentane med på gudstenesta , før helga vart avslutta med kyrkjekaffi. Me vil takka alle tårnagentane for ei kjekk helg saman med dei!

Her er litt bilete frå tårnagenthelgene i Bremnes, Moster og Lykling:

 

  

  

 

  

  

 

  

  

  

 

 

 

 

 

 

 

  Kommentarer


24. august 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando