Songkveld Moster kyrkje 8. april kl.19.00
Songkveld Moster kyrkje 8. april kl.19.00

Elvis-gospelperler i Moster kyrkje på sundag

Det var i fjor 40 år sidan Elvis døydde. Moster og Bømlo kyrkjekor bestemte seg då for å presentera noko av gospelmusikken som Elvis song i karriera si.

Då Elvis slo gjennom på første halvdelen av 1950-talet, var det med sekulære rock’n-roll-låtar, men gospel-musikken var ein viktig ingrediens i heile livet hans.

Familien Presley var pinsevener som budde i Tupelo i Mississippi, og dei gjekk jamleg på gudstenester og møter der. Elvis fekk difor både trua, musikkstilen og faktene til predikantane tidleg inn under huda og bar det med seg heile livet.

Då Elvis fekk ein plass i Gospel Music Hall of Fame i 2001, uttalte dottera hans, Lisa Marie: «Eg veit kor mykje dette ville bety for han, og eg skulle ønskje at han kunne ha fått oppleve denne æra.»

Det er for gospel-innspelingane sine han får sine tre Grammy-priser, og dei har utan tvil bidrege til å gjere gospelmusikken kjend og skatta langt utover kyrkje- og bedehusmiljø.

Songane som vi skal presentera, høyrer stort sett til blant dei verkeleg store slagarane i gospelhistoria, men det blir også nokre meir ukjende songar.

Til eit slikt prosjekt, trengst det ein habil songsolist, og det har vi fått, nemleg Knut Inge Røen frå Samnanger. Røen er utdanna songar og har i ei årrekkje sunge country- og gospelrepertoar i kyrkjer og bedehus, også på Bømlo. Sundag kveld vert han å høyra saman med Moster og Bømlo kyrkjekor og kantor Øystein Skullerud i Moster kyrkje.

  Kommentarer


24. august 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando