Elvis-kveld i Bømlo kyrkje fredag 27. april
Elvis-kveld i Bømlo kyrkje fredag 27. april

Ny sjanse til å få med seg Elvis-kveld. Denne gong i Bømlo kyrkje.

Gjekk du glipp av Elvis-kvelden i Moster kyrkje 8 april? Ikkje fortvil, fredag 27. april kl.19.00 i Bømlo kyrkje får du ein ny sjanse til å høyra perler frå gospelrepertoaret til Elvis.

Då Elvis slo gjennom på første halvdelen av 1950-talet, var det med sekulære rock’n-roll-låtar, men gospel-musikken var ein viktig ingrediens i heile livet hans. Familien Presley var pinsevener, og dei gjekk ofte på gudstenester og møter på heimstaden. Elvis fekk difor både trua, musikkstilen og faktene åt predikantane i sørstatane etter krigen tidleg inn under huda, og han bar det med seg heile livet. Då Elvis fekk ein plass i Gospel Music Hall of Fame i 2001, uttalte dottera hans, Lisa Marie: «Eg veit kor mykje dette ville bety for han, og eg skulle ønskje at han kunne ha fått oppleve denne æra.»

Det er for gospel-innspelingane sine han får sine tre Grammy-priser, og dei har utan tvil bidrege til å gjere gospelmusikken kjend og skatta langt utover kyrkje- og bedehusmiljø. Songane som vi skal presentera, høyrer stort sett til blant dei verkelig store slagarane i gospelhistoria, men det blir også nokre meir ukjende songar. Og som vanleg blir det høve til å syngja med på somme av dei.

Til denne kvelden har vi vore så heldige å få Karmøys svar på Elvis, ifølge TV Haugalandet – Jan Einar Valhammer, som songsolist. Valhammer kjem frå Skudeneshamn på Karmøy, og har turnert Rogaland og Sunnhordland saman med ulike band sidan 1960-talet, med Elvis som spesialitet. Fredag kveld vert han å høyra saman med Moster og Bømlo kyrkjekor og kantor Øystein Skullerud med band i Bømlo kyrkje. 

  Kommentarer


13. desember 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando