Invitasjon til sorggruppe
Invitasjon til sorggruppe

Denne våren inviterer kyrkja til sorggruppe.

Å oppleva sorg er noko alle menneske i løpet av livet vil få erfaring med. Korleis sorga ytrar seg vil vera ulikt frå menneske til menneske.

Målsettinga med ei sorggruppe er at menneske som opplever sorg skal få treffa andre i same situasjon, der ein kan dela erfaringar og vera til støtte for kvarandre. Ei sorggruppe gir høve til å vera i eit trygt fellesskap der alle som deltek har teieplikt.

Sorggruppa er eit samarbeid mellom kyrkjelydane på Tysnes, Stord, Fitjar og Bømlo. Me har ynskje om å vera til hjelp ved å invitera til ei sorggruppe. Sorggruppeleiarar er Lisbeth Nygård og Hjørdis J. Heggland som er diakonar på Stord. Den først av i alt seks samlingar vert 23. mai kl. 18.00- 20.00 på Stord kyrkjekontor i Thiisafabrikken på Leirvik.

Tilbodet er gratis og det vert servert kveldsmat frå kl. 19.30-20.00.

Velkommen!

 

Påmelding innan 14. mai til Sissel F. Våge. Epost: sissel.j.vaage@bomlo.kommune.no el. tlf. 53 42 32 85/ 80

 

Dersom du ynskjer samtale med prest eller diakoniarbeidar er du også velkommen til å ta kontakt.

  Kommentarer


22. februar 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando