Godhet Bømlo
 


Godhet Bømlo
Godhet Bømlo

Godhet Bømlo 29. og 30. mai.

Treng du hjelp? Kjenner du nokon som vil ha hjelp? Vil du ha besøk? Vil du gje hjelp?

For eksempel til:

  • hagearbeid
  • rydda i garasjen
  • vask av kjøkenet
  • å vaska vindauge
  • gå ein tur
  • besøk
  • tur med elektrisk sykkel

Tilbodet er GRATIS og utan forventning om å få noko som helst tilbake. Utlegg til materiell, planter osv. held den som ynskjer hjelp.

Her på Bømlo vert «GODHETSVEKA»  arrangert 29. og 30. mai frå kl. 17.00 – 21.00. Me tenkjer at «Godhetsdagane» i tillegg til praktisk hjelp og fører til fine sosiale treffpunkt. Det er kjekt å møtast!

Uansett om du treng hjelp eller ynskjer å bidra:

Ta kontakt med leiargruppa v/ Bømlo frivilligsentral,

tlf: 53 42 14 14, epost: bomlo@frivilligsentralen.no   eller

diakoniarbeidar Sissel F. Våge,

tlf: 993 25 028/ 53 42 32 85, epost: sissel.j.vaage@bomlo.kommune.no

Du/de kan og registrera deg/dykk (gruppe, lag, klubb, foreining) på: www.godhet.no

 

Påmelding kan skje frå 14. mai og fram til 25. mai.

 

Aktørar er: Representantar frå ulike lag og organisasjonar på Bømlo.

  Kommentarer


7. desember 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando