Kjekk dag med Tru:D 12 På sporet av Jesus
 


Kjekk dag med Tru:D 12 På sporet av Jesus
Kjekk dag med Tru:D 12 På sporet av Jesus

Laurdag 26. mai var det mange 12-åringar som gjekk på sporet av Jesus. Her snakkar nokre av dei med Peter.

Laurdag 26.mai inviterte me til Tru:D12 På sporet av Jesus. Denne dagen var det og planlagt Folk på Bømlo, ein aktivitetsdag der alle lag og organisasjonar på Bømlo skulle få vise seg fram med standar over heile Bremnes sentrum.  Bremnes kyrkje ligg vakkert til i sentrum av Bømlo, difor la me dette trusopplæringstaket inn som ein del av Folk på Bømlo. Av same grunn valde me å leggja til rette for eit samarbeid på tvers av soknegrensene. Alle 12-åringane i heile Bømlo vart inviterte til På sporet av Jesus i Bremnes kyrkje. Alle fire sokna var representerte med vaksne medhjelparar til opplegget.

 

Dagen starta kl.11.00 i strålande sol. Me fekk først høyra ein diskusjon mellom Pilatus og Kaifas etter at Jesus var død, oppstått og fore opp til himmelen.  Dei to var ueinige om kven Jesus eigentleg var. Var han ein farleg mann? Kanskje var han Guds son?

 

Etter dette vart barna delte inn i grupper for å gå på sporet av Jesus. Ulike stasjonar var fordelte i området rundt kyrkja og inne i sjølve kyrkja. Barna vart informerte om at dei skulle treffa mange kjende personar frå bibelhistoria. Dei skulle snakka med dei og høyra kva dei kunne fortelja om det dei hadde opplevd saman med Jesus.

 

Den første dei møtte, var tollaren Sakkeus . Han hadde klatra opp i eit tre då Jesus kom forbi. Sakkeus  var ikkje så godt likt av folket, for han tok for mykje skatt frå dei. Då Jesus kom forbi og kalla han ved namn, og ville ha fest heime hos han, lova Sakkeus å gi tilbake alle pengane han skulda folket.

 

Vidare gjekk barna til Nasaret til synagogeforstandaren. Der fekk dei læra litt om kva ein gjorde i synagogen, og dei fekk i oppgåve å fylla inn manglande ord i lista over dei ti boda. Synagogeforstandaren fortalde óg om den gongen Jesus vitja synagogen i Nasaret som 12-åring, og at alle då skjøna at han måtte vera Guds son.

 

Vertshuseigaren fortalde om julenatta då den vesle familien kom til Betlehem. Barna hadde på førehand fargelagt eit familieportrett som dei viste til vertshuseigaren. Der fekk dei litt å eta medan dei høyrde om den fyrste julenatta.

 

Maria frå Magdala fortalde om korleis ho salva føtene til Jesus når det var selskap hos farisearen Simon, og om då ho kom til den tomme grava og fekk sjå Jesus som hadde stått opp frå dei døde. Maria, søster til Marta og Lasarus fortalde om kor gripen ho vart av Jesus, og at ho ikkje kunne anna enn å sitja ved føtene hans og høyra på at han fortalde.

 

Vidare på vandringa møtte barna den lamme mannen som Jesus gjorde frisk og søstera hans. Ho fortalde om korleis det var når Jesus gjorde bror hennar frisk. Vennene hans fira han ned gjennom taket slik at han kom fram til Jesus.

 

Så var det Peter sin tur å fortelja om den store fiskefangsten på Genesaretsjøen. Han sat med garnet sitt nede ved Storavatnet som vart ein fin kulisse rundt denne historia. Ein fin lydeffekt vart det av vatnet som skvulpa i vasskanten. Peter fortalde ivrig om alt det han hadde opplevd saman med sine gode ven, Jesus.

 

Etter alle desse fine møta med dei bibelske personane, gjekk me inn i kyrkja og hadde fest hos Sakkeus, akkurat slik som han hadde lova då me snakka med han ute ved treet. Før barna gjekk heim rakk dei ein tur i ziplinen som Bømlo turlag hadde sett opp ved kyrkjebakken.

 

Takk for ein fin dag saman med engasjerte barn og gode medhjelparar!

  

  

  

 

 

 

 

  Kommentarer


7. desember 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando