Ivar Mæland held konsert i Bømlo kyrkje
Ivar Mæland held konsert i Bømlo kyrkje

Velkommen til orgelkonsert i Bømlo kyrkje 28. juni kl.19.00

Det er ikkje kvar dag det blir halde orgelkonsert i kyrkjene på Bømlo, men torsdag 28 juni kjem høvet til å høyra eit utval av Johann Sebastian Bach sitt orgelverk på Bømlo kyrkje sitt fine orgel. Det er heller ikkje kven som helst som kjem. Ivar Mæland, som har røtene sine på Bømlo, har sidan han fullførte utdanninga si ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i 1976, høyrt til i øvste sjiktet av nordiske organistar. Han har vore i samanhengande kyrkjemusikarteneste i Noreg og Danmark sidan 1967, mellom anna i Nidaros domkyrkje, og han er framleis aktiv som organist i Fedje kyrkje. Vidare har han vore sterkt delaktig i kyrkjemusikkutdanninga i Trondheim og ved Vestervig Kirkemusikskole i Danmark. Som utøvar har han hatt ei lang karriere som orgelsolist, akkompagnatør og korleiar, og han har ei rekkje innspelingar bak seg. Han har òg ein produksjon av kyrkjeleg bruksmusikk på samvitet, og noko av dette vil bli å høyre på konserten.

Det er langt frå første gongen Ivar Mæland vitjar Bømlo. I Bremnes kyrkje i november i fjor framførte han og Kolbein Haga Bachs «Orgelmesse» på utsøkt vis til stor glede for dei frammøtte. Han fortel at han legg vekt på å variere registreringa gjennom konsertane sine, slik at tilhøyrarane skal få oppleve mest mogleg av dei ulike stemmene og stemmekombinasjonane i orgelet. Vi ser difor fram til torsdagens konsert i Bømlo kyrkje med glede og forventning.

Ø Skullerud

  Kommentarer


24. august 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando