Fine dagar med Tru:D9+ Supersamling
 


Fine dagar med Tru:D9+ Supersamling
Fine dagar med Tru:D9+ Supersamling

25. og 26. juni var det Supersamling for 9-åringar i Bremnes kyrkje.

Dei to første dagane i sommarferien inviterte me 9-åringane i Bremnes sokn til trusopplæringstiltaket Tru:D9+ Supersamling.

 

Måndag 25. og tysdag 26. juni troppa det opp 12 barn i Bremnes kyrkje. Me har hatt to kjekke dagar saman.  Måndagen starta med leik, før me hadde samling i kyrkja. Me fekk høyra historia om den lamme mannen, og vennene hans som hjelpte han til Jesus. Me snakka etterpå om superheltar, og me fann ut at det var mange superheltar i denne bibelhistoria. Me fann ut at Jesus er den største superhelten, som gjorde både den lamme mannen og mange andre friske, men vene til mannen var superheltar dei også som hjalp han! Me snakka om at me alle kan vera superheltar for kvarandre i dag og.  I samlinga lærte me oss songen Jeg er en superhelt som handla om at me kan vera superheltar med Jesus si hjelp. Her er refrenget:

 

Jeg er en superhelt for Gud er med meg.

En ekte superhelt, selv om jeg bare er meg selv.

Jeg er en superhelt for Gud er med meg.

Det han har gjort for meg det gjør meg sterk!

 

I ti-tida var det tid for å nyta dagen ute. Me gjekk tur i lysløypa inn til Fet, og kosa oss med niste ved gapahuken der. I 1330 tida var me tilbake ved kyrkja. Der steikte me lappar, og det smaka godt med lappar på kyrkjetrappa!  

 

Tysdagen hadde me planlagt båttur med skøyta til Trygve Søvold. Me gjorde oss klare til båttur om morgonen, og køyrde til Mælandsvågen, og der gjekk me om bord i skøyta. Me la turen mot Åreiddalen, med ein innlagt stopp undervegs, der me fekk høyra bibelhistoria om Peter sin fiskefangst. Me måtte syngja litt på båten, og då var det veldig kjekt å syngja Alle mann på dekk, og sjølvsagt song me superheltsongen vår.

 

Vel framme gjorde me klart til pølsegrilling, barna fann fram bøtter for å leita etter krabbe, og me kosa oss alle saman med pølseeting, krabbeleiting, vassing, og anna leik rundt omkring før me måtte gå om bord i skøyta att når dagen nærma seg slutt. Me vil takka for to strålande dagar saman!  

     

 

    

 

    

 

    

 

     

 

     

 

     

 

 

  Kommentarer


7. desember 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando