Ny kantor
Ny kantor

Øystein Lund Olafsen er tilsett som ny kantor i Bømlo kyrkjelege fellesråd.

Det er med stor glede me kan informera om at Øystein Lund Olafsen er tilsett som ny kantor i Bømlo kyrkjelege fellesråd, med tenestestad i Bremnes sokn og Lykling sokn. Han startar i stillinga 1.1.2019. Jostein Molde fortset som kantor fram til Olafsen tiltrer.

Øystein Lund Olafsen (f.13.06.75) er utdanna kyrkjemusikar frå Norges musikkhøgskole og har jobba som kantor i Lommedalen kyrkje i Bærum sidan 2001. Han er også dirigent og musikalsk leiar for Gospelkoret HIM (Oslo). Gjennom 25 år har han jobba med ein stor del av Noregs  artistelite og jobbar fast med blant andre Nordic Tenors, Hanne Krogh, Ole Edvard Antonsen og Maria Arredondo & Torstein Sødal. Han har elles hatt ansvar for fleire innslag ved The Nobel Peace Prize Concert gjennom fleire år, og jobba med internasjonale artistar som Josh Groban, Kurt Carr , Barry Manilow og Stevie Wonder. I tillegg til si utøvande verksemd jobbar han også som arrangør, komponist og produsent. Sjå også www.pianomannen.no

I vår har Bømlo Gospel med band og blåserekkje hatt fleire seminar med Olafsen. Olafsen blir musikalsk leiar når Bømlo Gospel har konsert i Bremnes kyrkje 30.september.  

  Kommentarer


13. desember 2018 | Logg inn | Copyright 2018 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando