Konfirmantleir om bord på Statsraad Lehmkuhl 1.-2.september 2018
 


Konfirmantleir om bord på Statsraad Lehmkuhl 1.-2.september 2018
Konfirmantleir om bord på Statsraad Lehmkuhl 1.-2.september 2018

Me hadde ein flott tur med 126 konfirmantar første helga i september.

For sjette året på rad har konfirmantane i kyrkjene på Bømlo vore på konfirmantleir om bord på staselege Statsraad Lehmkuhl. Dette er ein tur som me ser er av stor verdi for konfirmantopplegget vårt.

I år mønstra me på i Bergen. Tidleg laurdag morgon møttest me ved Svortland skule. Alle vart delte inn i vaktlag; raudt, blått og kvitt lag og fordelte seg i tre bussar som frakta oss til Bergen.

Vel om bord vart me ønskte velkomne av sersjanten, før me gjekk ned i banjeren for ein god lunsj. Etter mat var det rullering på aktivitetar: Oppgåver saman med mannskapet, teambuilding og undervisning. Tema for helga var: «Kom og gå om bord». Aksel Lygre og Roald Drønen sto for undervisninga under seglasen.

Veret også på denne turen var bra, og aktivitetane på dekk vart gode opplevingar i godt ver. Både ungdomar og vaksne utfordra seg sjølv til å entra riggen. Det er stort å få høve til å ta del i desse meistringsopplevingane.

Då det leid mot kveld ankra me opp utanfor Halsnøy. Mange flotte bilete av sjø, himmel og mastre vart tatt utover kvelden, og bileta vart heilt sikkert umiddelbart delte med omverda. Etter tautrekkingskonkurranse, var detgod musikk og og god stemning på dekk utover den fine kvelden.

Sundag morgon etter ein god frukost med både egg og bacon, var me klar for førebu gudsteneste. På veg mot Leirvik, øvde me inn ein shanty, og denne song me medan me la til kai. Det var kjekt å sjå alle foreldra og besteforeldra som sto på kaien og var klare til å komma om bord og delta på gudstenesta som me hadde som avlutning på seglasen.

I løpet av helga fekk me verta betre kjende med årets konfirmantar. Gjennom teambuilding og felles samlingar fekk me gode møte med dei mange ungdommane. Dei deltok i dei ulike aktivitetane med stort pågangsmot: Dei tok vare på kvarandre, heia på kvarandre og  såg ut til at dei nytte seglasen. Me som har ansvaret for konfirmantopplegget gler oss til å møta dei i ulike aktivitetar i løpet av konfirmantåret.

 

 

 

  Kommentarer


7. desember 2019 | Logg inn | Copyright 2019 Bømlo kyrkjelege fellesråd Powered by Agrando